Auke i norsk FoU-innsats
NIFU STEP har offentleggjort statistikken over utgifter til FoU i 2007. Den samla FoU-innsatsen i Noreg utgjorde 37,6 milliardar kr. i 2007. Dette er ein auke på vel 7,9 milliardar frå 2005.
Målt i faste prisar auka dei samla FoU-utgiftene i 2007 med 8,4 prosent i gjennomsnitt per år i forhold til 2005. Ein mindre del av auken skuldast at datagrunnlaget for FoU-verksemda i helseføretaka er blitt betre. Med korreksjon for dette blir den årlege realvoksteren 2005-2007 på 7,6 prosent. Dette er monaleg høgare enn den tilsvarande voksteren som var 1,7 prosent i den føregåande toårsperioden 2003-2005.
Det er i næringslivet og i universitets- og høgskulesektoren voksteren i FoU-utgifter har vore sterkast dei siste åra. I instituttsektoren har ikkje auken vore like sterkt.



