Auka satsing på forsking - i Sverige

Den svenske regjeringa vil auke løyvingane til forsking og innovasjon, skriv Regeringskansliet i ei pressemelding torsdag.

Den svenske regjeringa vil føreslå satsingar på forsking og innovasjon som vil auke dei statlege løyvingane så dei i 2012 vil vere 5 milliarder kroner (svenske, riktig nok) meir enn dei årlege løyvingane er no.

I Sverige utgjer kostnadene til forsking og utviklingsarbeid kring 4 % av BNP. Norge klarar som kjent ikkje å nå målet om 3 % FoU-andel i høve til BNP (i 2006 utgjorde samla FoU ca. 1,5 % av BNP i følgje Statistisk sentralbyrå).


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 29.08.2008
Sist oppdatert 29.08.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer