Attval av rektor ved NHH
Jan I. Haaland og Gunnar E. Christensen vart fredag gjenvalde som rektor og prorektor ved Norges handelshøyskole. Med seg i det nye rektorteamet får dei viserektor Mette H. Bjørndal.
I alt røysta 88 fagleg tilsette (om lag 40 %), 69 T/A-tilsette (om lag 55 %) og 283 studentar (om lag 10 %) ved rektorvalet ved NHH. Utfallet kom knapt som noko stor overrasking sidan det ikkje hadde meldt seg motkandidatar, melder Paraplyen, internavisa for NHH.



