Administrative leiarstillingar ved nye Univ i Tromsø fordelte
Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø blir slått saman til eit universitet frå 1. januar 2009. Det er no fastsett kven som skal sitje i dei sentrale direktørstillingane i det nye universitetet, melder UiTs nettsider.
Universitetsdirektør Lasse Lønnum blir universitetsdirektør også for nye UiT. Britt Elin Steinveg, som i dag er direktør for Høgskolen i Tromsø, blir assisterande universitetsdirektør.



