35 000 studentar utan finansiering
For 35 000 av studentane ved universiteta og høgskulane dekkjer ikkje staten meir enn 40 % av kostnadene, vurdert ut frå finansieringssystemet og kostnadsrammene som ligg der. Det er Forskerforum som skriv dette i sitt siste nummer.
Budsjetta som universiteta og høgskulane får gjennom statsbudsjettet kvart år, er stort sett ei rammeløyving, fastsett ut frå visse kostnadsfaktorar. Ein viktig del av løyvinga er rekna ut frå studenttalet ved institusjonane, der 60 % blir betalt i høve til det fastsette talet på studieplassar ("måltalet") og dei resterande 40 % ut frå studiepoengsproduksjonen. Måltalet byggjer på studiepoengsproduksjonen ved universiteta og høgskulane i 2003, då finansieringssystemet blei innført, med justeringar når institusjonane blir bedne om å ta opp fleire studentar på einskilde utdanningar. Sidan den gongen har det vore ein sterk vokster både i studenttal og studiepoengsproduksjon.
Forskerforum skriv at institusjonane utdannar for 1,7 milliardar kroner meir enn dei får budsjettrammer til frå staten. UiAs "overproduksjon" vert rekna til 81 millionar kroner.
Statsråd Tora Aasland seier i ein e-post til Forskerforum at ho avviser denne problemstillinga. Då finansieringssystemet blei endra med kvalitetsreforma i 2003, brukte staten gjeldande studiepoengproduksjon for å berekne det årlege rammebidraget til kvar enkelt institusjon. Denne ramma legg ingen føringar på talet studieplassar institusjonane skal ha.



