2,3 millioner spam-mail sendt frå UiB

Natt til torsdag blei 2,3 millioner spam-mail sendt frå webmail-system til Universitetet i Bergen, etter at svindlarar fekk tak i passordet til ein UiB-tilsatt. Det er nettavisa til UiB, På Høyden, som fortel dette.

Bergens Tidende kan fortelje at svindlarane fekk tilgong til passordet ved å sende denne e-posten til dei tilsette:

«Vi er i ferd med å slette alle ubrukte UiB e-post for å skape mer plass for nye one. To hindre kontoen din fra avsluttende må du oppdatere den nedenfor, slik at vi vil vet at det er en til stede som brukes».

IT-direktør Thomas Evensen ved UiB seier til På Høyden at tilsette og studentar ikkje må svare på slike e-postar.

Men det kan vere morosamt å lese dei.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 22.08.2008
Sist oppdatert 22.08.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer