2200 nye studieplassar i 2011
Dei tre partileiarane i regjeringa, Stoltenberg, Halvorsen og Navarsete, er på gjesting i Trondheim, saman med næringsminister Trond Giske. Dei har delteke i opninga av feiringa av NTNU sitt 100 års jubileum.
I følgje Adresseavisen lover Stoltenberg 2200 nye studieplassar på statsbudsjettet i 2011. 2200 studieplassar tilsvarer omkring 1 % av studenttalet i Noreg.
375 av dei nye studieplassane vil gå til "dei "tre største lærarhøgskulane", skriv Adresseavisen. Det er høgskulane i Oslo, Bergen og Sør-Trøndelag (Trondheim) som har flest studentar på grunnskulelærarutdanningane.
NRK skriv at 260 av 400 nye lærarutdanningsplassar vil gå til Oslo, Bergen og Trondheim. Det er i fyrste rekkje utdanningane for grunnskulelærarar 5. - 10. trinn ved desse høgskulane som ikkje har ledige plassar.



