1 av 10 utan studiepoeng
Av 135 000 heiltidsstudentar i Noreg i studieåret 2008/2009 var det 15 000 som ikkje oppnådde nokre studiepoeng. Nesten 70 000 av studentane oppnådde 60 studiepoeng eller meir.
Statistisk sentralbyrå presenterte oversikta over studiepoengsproduksjonen ved universitet og høgskular i 2008/2009 25. mai. Gjennomsnittleg mengd studiepoeng for alle studentar, 135 000 heiltidsstudentar og 105 000 deltidsstudentar, var 35,7. Heiltidstudentane produserte i gjennomsnitt 45,9 studiepoeng. Det var liten forskjell på dei ulike institusjonskategoriane, med unnatak for dei private vitskaplege høgskulane (Menighetsfakultetet, Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskulen). Dei private vitskaplege høgskulane har mange deltidsstudentar, og derfor ein monaleg lågare poengproduksjon. Men også blant heiltidsstudentane er poengproduksjonen lågare ved desse institusjonane.
Sjølv om forskjellane mellom institusjonskategoriane ikkje er så store, er det store skilnader mellom dei einskilde institusjonane. Mykje av forskjellane kan forklarast ut frå kor mange av dei registrerte studentane som tek studiepoeng i det heile teke. Heiltidsstudenten ved Universitetetet i Oslo tek i gjennomsnitt 42,5 poeng. Fråtrekt dei som ikkje oppnår nokre poeng, tek UiO-studentane 50,5 poeng kvar. 16 prosent av heiltidsstudentane ved UiO står utan studiepoeng etter studieåret 2008/2009. Ved UMB (Ås) tek gjennomsnittsstudenten 50,8 poeng og gjennomsnittsstudenten med poeng 53,6 poeng. Berre 5 prosent av UMB-studentane er utan studiepoeng i 2008/2009. Ved Noregs musikkhøgskule tek gjennomsnittsstudenten 58 poeng, og gjennomsnittsstudenten med poeng tek 60,7 poeng (!).
Kvinnelege studentar tek i gjennomsnitt nokre fleire studiepoeng enn dei mannlege studentane.
Studentane ved Universitetet i Agder er nokså gjennomsnittlege. UiA-studentane tok 46 studiepoeng i 2008/2009 (gjennomsnitt for alle universitet og høgskular 45,9). 10,8 prosent av UiA-studentane fekk ikkje nokre studiepoeng. Gjennomsnitt for alle universitet og høgskular var 11 prosent.



