16 % av studentane utan studiepoeng

Statistisk sentralbyrå la 26. juni fram tala for studiepoengproduksjonen i høgare utdanning i studieåret 2007/2008. Tala viser ingen dramatiske endringar frå tidlegare år.

Gjennomsnittleg tal på avlagte studiepoeng var 35,1 i 2007/2008. Det er ein nedgang frå 35,9 i 2006/2007. Året før det var produksjonen 36,0 studiepoeng, mens talet i 2004/2005 var 34,9.

I perioden frå 2004/2005 har universiteta fått ein noko høgare produksjon (frå 33,6 i 2004/2005 til 36,2 i 2007/2008), mens dei statlege høgskulane har hatt ein svakare produksjon (frå 37,3 i 2004/2005 til 35,3 i 2008/2009). At Høgskolen i Stavanger og Høgskolen i Agder er blitt universitet i perioden forklarer noko av denne endringa, dei to institusjonane har hatt ein studiepoengsproduksjon over gjennomsnittet i heile perioden.

Denne statistikken skil ikkje mellom deltidsstudentar og heiltidsstudentar, og kan altså ikkje seie mykje om studiepoengproduksjonen i forhold til forventningar. Men 16 % av dei registrerte studentane, 37.500 i tal, oppnådde ikkje nokre studiepoeng. Delen null-poengare er størst ved Høgskolen i Vestfold, der nesten 26 % av dei registrerte 4.500 studentane ikkje oppnådde eit einaste studiepoeng i 2007/2008. Ved Universitetet i Oslo var det 23 % null-poengare, eller 6.900 studentar som ikkje oppnådde eit einaste studiepoeng i løpet av året. UiO hadde altså fleire studentar som ikkje oppnådde nokre resultat av studia sine enn det var studentar ved Universitetet i Tromsø. UiO kan likevel glede seg over ei betring, i 2004/2005 var delen null-poengare 26,5 % (8.700 studentar).

Universitetet i Agder er blant institusjonane med færrast null-poengare, og best gjennomsnittsproduksjon både samla sett og av dei som fekk studiepoeng. 86,4 % av studentane ved UiA fekk studiepoeng ut av studieåret 2007/2008. I gjennomsnitt oppnådde desse 7.330 studentane 44,7 studiepoeng. Gjennomsnittet for alle dei 8.488 registrerte studentane ved UiA var 38,6 poeng.

Best produksjon hadde Kunsthøgskolen i Oslo, der berre 5,4 % gjekk gjennom studieåret utan å få studiepoeng. Dei 477 studentane som fekk studiepoeng fekk i gjennomsnitt 59,7 poeng. For orden si skuld: Eitt studieår blir rekna til 60 studiepoeng.

Sjå statistikken på nettsidene til SSB.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 26.06.2009
Sist oppdatert 26.06.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer