160 millionar ekstra til universitet og høgskular
I finansdebatten i Stortinget i dag (27. november) gjer statsråd Tora Aasland kjent at det kjem ekstra pengar til universitet og høgskular i det salderte budsjettet for 2008, skriv NRK på sine nettsider.
Det var naudsynt når vi såg heilskapen i økonomien deira, seier Aasland.
Det kom som ei overrasking på både utdanningsinstitusjonane og Kunnskapsdepartementet at dei ikkje fekk dekka inn auka løns- og pensjonskostnader i statsbudsjettet for 2009.
Aasland seier pengane som kjem no er frie midlar, men seier det er viktig at ein brukar midla til å styrke undervisinga.
Leiar Jarle Aarbakke i Universitets- og høgskulerådet er fornøgd, men ikkje ferdig med budsjettkampen.
- Dette er til hjelp og det er eit viktig signal. Det dekkar inn i underkant av halvparten av det vi tapte på løns- og pensjonsauken. Vi meiner fortsatt det må kome meir pengar i revidert budsjett i 2009, seier han til NRK.



