Universitetsstyret utsette studieporteføljesaka

Universitetsstyret utsette saka om studieporteføljen i møtet 9. og 10. oktober. Samstundes ønskjer styret at tilfanget av informasjon rundt dei føreslåtte opprettingane og eventuelle nedleggingane blir utvida.

Universitetsdirektøren fekk i oppgåve å greier ut noko meir om til dømes rekruttering til studiane og regionale behov.

I dette arbeidet skal Universitetsdirektøren ta omsyn til dei kriteriene som styret arbeidde seg fram til i strategidiskusjonen dei hadde bak stengde dører. Desse kriteria er heller ikkje endeleg fastlagde i styret, men vil bli diskutert nærare når forslaga er bearbeidd.

Styret ønskjer å få studieporteføljesaka opp igjen så snøgt som råd. Det er ikkje meininga at det nå skal greiast ut i eit storarbeid, men styret ønskjer noko meir kjøt på beina før avgjerda vert teken i studieporteføljesake.

Studieporteføljeutvalet blei for øvrig takka for vel utført arbeid.

Sjå saklista til styremøtet 9. og 10. oktober, der heile innstillinga frå studieporteføljeutvalet og ei rad høringsuttaler er lenka opp. (Sak 113/08 - langt ned på sida.) Sjå også innlegga på Aktueltsida i "Debattforum".

 

Styret blei elles orientert om korleis forslaget til statsbudsjett for 2009 vil slå ut for UiA. Universitetsdirektøren si orientering kan lastast ned her.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 10.10.2008
Sist oppdatert 13.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer