UiA medlem av forskning.no
Omsider har også UiA fått medlemsskap i forskning.no. 50 forskings- og utdanningsinstitusjonar er no medlem av organisasjonen, som står bak nettstaden med same namn.
Hovudtyngda av stoff i forskning.no er nyhendeartiklar. Desse blir sette på framsida til nettstaden og blir sende ut som nyhendebrev kvar dag. Nyhendeartiklane omhandlar forskingsresultat eller anna om forsking som har allmenn interesse. Nokre av medlemer publiserer slike saker på eigne nettsider eller i trykte medium, og legg dei inn på forskning.no samtidig. Halvparten av sakene på forskning.no blir skriven av medlemsinstitusjonane, mens redaksjonen skriv resten. Redaksjonen tek i mot tips om aktuell forsking.
Forskarar, leiarar og andre kan delta med kronikkar og debattinnlegg. Desse blir publiserte på framsida av forskning.no fyrste dag, og ligg deretter på debattsida.
I fjor haust opna forskning.no ein forskingsblogg, der forskarar og andre frå institusjonane kan delta som gjestebloggarar. Nokre medlemer (for eksempel UiT) har svært mange bloggarar, mens andre har ingen eller éin. To rektorar (UiB og Menighetsfakultetet) er bloggarar på forskning.no. Ein gjestebloggar deltek kvar anna veke i eit par månaders tid, eller lengre om dei har lyst til det. Tilsette ved universitetet som har lyst til å delta på bloggen, kan ta kontakt med webredaksjonen.
I spalta Nytt frå akademia kan medlemsinstitusjonane leggje inn meir "administrative nyhende", som priser, prosjektoppstart og anna smått og stort av nyhende frå institusjonen. I kalenderen kan det leggjast inn arrangement, for å marknadsføre på den måten.
Ei ny spalte som er i ferde med å bli starta er Forskaren fortel. Her blir forskarar inviterte til å fortelje om arbeidet sitt. forskning.no ber om å bli tipsa om gode kandidatar for denne spalta.
forskning.no har også planar om å etablere ein stillingsmarknad for sektoren.



