UiA med i PISA-undersøkjing?

OECD planlegg kartleggjing av læringsutbyte av studium ved universitet og høgskolar, skriv Ukebrevet Mandag Morgen i si siste utgåve (nr. 1, 7. januar 2008). Kunnskapsdepartementet har peka ut NTNU, UMB, Universitetet i Agder og Høgskolen i Telemark som kandidatar til ei pilotundersøkjing før hovedundersøkjinga i 2010-11.

Det er likevel ikkje endelig avgjort om Norge skal med i pilotundersøkjinga.

Seniorrådgjevar Are Turmo i Kunnskapsdepartementet seier til Mandag Morgen at tidsplanen for universitets- og høgskolevurderinga legg opp til ei pilotundersøkjing i 2008, ei "generalprøve" i 2009, og hovedundersøkjing i 2010-11.

OECD-gruppa har skissert ei todeling av undersøkjinga. Ein ynskjer å teste studentanes evne til kritisk tenking og problemløysing, og den fagspesifikke læringa i fag med ein sams, internasjonalt anerkjend kjerne av kunnskap. I første omgang har ein peikt ut ingeniørfag og økonomi. Seinare kan ein trekkje inn fleire fag. OECD planlegg å teste studentar i avslutninga av bachelorgraden i ei fagleg prøve som varar eit par timar.

Ei OECD-rangering av læringsutbyte kan synleggjere insttusjonar som satsar relativt meir på undervising enn forsking, skriv Mandag Morgen. Mindre høgskolar med ein sterk undervisingskultur vil kunne hevde seg mot dei store, forskingstunge universiteta. PISA for universitet og høgskolar kan óg føre med seg ei oppgradering av status for undervising, skriv vekebrevet.


Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 08.01.2008
Sist oppdatert 08.01.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer