Torunn Lauvdal innvald i UHR-styret
Rektor Torunn Lauvdal er innvald i styret for Universitets- og høgskulerådet for neste fireårs-periode.
Representantskapet i UHR hadde møte på Stord 26. og 27. mai. Rektor ved Norges Handelshøyskole, Jan A. Haaland, blei vald til leiar av UHR sitt styre for dei neste to åra, rektor ved Høgskolen i Oslo, Sissel Østberg, fortset som nestleiar.
UHR sitt styre har ti medlemer, som representerer rektorane og direktørane ved universiteta, dei vitskaplege høgskulane og dei statlege høgskulane, i tillegg til leiarane for studentorganisasjonane. På representantskapsmøtet på Stord var det dei fire styremedlemene, tre rektorar og ein direktør, frå universiteta og dei vitskaplege høgskulane som blei vald.
Universitets- og høgskulerådet blei etablert i 2000, etter at Det norske universitetsråd og Det norske høgskuleråd blei slått saman. Universitetet / Høgskolen i Agder har ikkje tidlegare vore representert i styret for UHR, men rektor Knut Brautaset var leiar for det fyrste styret for Høgskolerådet frå 1995 - 1997.
Nettsidene til UHR skriv om det nye UHR-styret.



