Språk og samfunn i endring
By og land, og samvariasjonen mellom språkbruk og lokal identitet, står sentralt i den nye boka frå professor Martin Skjekkeland ved Fakultet for humaniora og pedagogikk. Han har m.a. granska talemålet til 41 ungdommar i Kvinesdal.
Boka er ein vitskapleg monografi, og har namnet: Språk og samfunn i endring – ein studie av tilhøvet mellom lokal identitet og talemålsutvikling (Novus forlag). I innleiinga til boka gjev han sjølv denne omtalen av kva dette arbeidet dreier seg om. Han seier det slik:
”Om tilhøvet by–land og om språkbruk og lokal identitet
I den første delen av boka går eg gjennom sentrale problemstillingar innafor sosiolingvistikken. Dette er ei nokså generell utgreiing der eg legg vekt på å få fram korleis det sosiolingvistiske teorigrunnlaget har endra seg frå 1970-talet og fram til i dag. I tillegg tek eg opp til drøfting tilhøvet by–land, og kjem i samband med dette inn på dei sosiale og kulturelle endringane som har gått føre seg i norske bygdesamfunn i løpet av dei siste to-tre generasjonane.
Elles står teori som gjeld samvariasjonen mellom språkbruk og lokal identitet/lokal tilhøyrsle sentralt i den første delen av dette arbeidet. Til slutt i del I tek eg for meg prosessar som ein meiner set sitt preg på talemålsutviklinga i dagens Noreg. I samband med dette går eg inn på m.a. dialektnivellering, regionalisering og standardisering.
Den nokså rikhaldige drøftinga i del I kan lesast for seg som ei allmenn utgreiing om teori og metode i vitskapsgreina sosiolingvistikk. Samstundes fungerer denne gjennomgangen som eit bakteppe for dei problemstillingane eg tek opp i den undersøkinga eg presenterer.
Empiri frå Kvinesdal
I andre delen av boka legg eg fram ei empirisk gransking av talemålet til 41 ungdommar i Kvinesdal, vest på Agder. I denne granskinga prøver eg å fanga opp og gjera bruk av dei synsmåtane nyare sosiolingvistikk har vore inne på i leitinga etter den korrelasjonen som er mellom den språklege strategien til språkbrukaren og dei sosiale og kulturelle tilhøva vedkomande er ein del av. I utgreiinga mi legg eg særleg vekt på to problemstillingar. Eg prøver å finna fram til den samanhengen som eventuelt finst mellom:
- Språkbruken til informanten og den haldninga han har til bygda og lokalmiljøet der han er oppvaksen.
- Språkbruken til informanten sedd i høve til mi tenking om språk og personlegdom.
Om konkrete endringar i talemålet
I tillegg til denne drøftinga av språkbruk jamført med ytre sosiale variablar, gjennomgår eg det innsamla språkmaterialet meir konkret og ser på hovudlinjene i utviklinga. Eg prøver å kartleggja kva som skjer av endringar i talemålet i dette området, og spør: Kva for særdrag er det som blir borte, og kva for delar av språksystemet er det som står fast? Eg drøftar også i kva grad det veks fram éin eller fleire språkregionar på Agder.
Drivkrefter i talemålsutviklinga vest på Agder
I fleire sosiolingvistiske granskingar har ein sett på i kva grad talemålet i dei små byane dannar mønster for språkutviklinga i sitt oppland (jf. t.d. Røsstad 2008 om Mandal og nabobygdene). I mitt tilfelle gjeld det Flekkefjord bymål som ein eventuell påverknadsfaktor for talemålsutviklinga i bygdene ikring. Eg spør: Er det talemålet i Flekkefjord som set sitt preg på talemålet til dei unge i Kvinesdal – eller er dette ei for enkel tilnærming til problemet? Det finst nemleg også andre forklaringsfaktorar som er aktuelle når ein vil finna ut kva som skjer med språket i dette distriktet. Mange nye drag i talemålet til dei unge kan t.d. forklarast som ei indre utviklig med utgangspunkt i språket sjølv. Me kan heller ikkje sjå bort frå at eit overregionalt ”standardtalemål” ligg i bakgrunnen og påverkar språket til ungdommen i det området eg undersøkjer.”



