Prisoppgåve om Agder si lærdomshistorie

I 2012 er det 50 år sidan Agder Akademi, forløparen for Agder vitskapsakademi, blei etablert. For å markere jubileet kunngjer vitskapsakademiet ei prisoppgåve, for ei avhandling eller artikkel med emne frå Agders lærdomshistorie.

Akademiet blei stifta 27. oktober 1962. I 2002 (på same datoen som 40 år tidlegare) blei akademiet revitalisert, med dåverande rektor ved Høgskolen i Agder, Ernst Håkon Jahr, som preses. Tidlegare direktør ved det regionale høgskulestyret, Thor Einar Hanisch, blei akademiet sin sekretær.

 
Agder Akademis gullmedalje
 

Vinnaren av konkurransen vil bli gitt akademiet sin gullmedalje. Akademiet sin gullmedalje er tidlegare gitt berre tre gonger, siste gong i 1973. Medaljen har bilete av Gustav Vigelands Henrik Wergeland-statue på den eine sida og Niels Henrik Abels portrett på den andre.

Frist for innsending av arbeid er sett til 10. april 2012. Innsende arbeid vil bli vurdert av ein jury, som ikkje skal kjenne namna til forfattarane.

Agder vitskapsakademi seier i utlysinga at Agder har ei lang lærdomshistorie, og nemner som eksempel den militære utdanninga i landsdelen, Kristiansand katedralskule (frå 1686), vitskaplege arbeid og verksemd knytte til utdanning ved bispeseta (frå 1682), utviklinga av seminaret på Holt (frå 1839), høgskular og universitetsundervising, og etableringa av Universitetet i Agder frå 1. september 2007.

Agder vitskapsakademi har eigne nettsider.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 14.06.2010
Sist oppdatert 14.06.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer