Pris til Dag Ingvar Jacobsen og Anne Siri Skomedal

Professor Dag Ingvar Jacobsen og masterstudent Anne Siri Skomedal, Institutt for statsvitskap og leiingsfag, har fått prisen for beste artikkel 2008 i Norsk statsvitenskapelig tidsskrift (NST).

Dei fekk prisen for artikkelen "Regionavisens dekning av kommune- og fylkestingsvalet 2007. Belyst gjennom dekningen i avisene Agderposten og Fædrelandsvennen." Artikkel stod i NST nr. 4, 2008.

Artikkelen ser på rollane til lokale og regionale medier i valkampen, og evaluerer verdien av rikspolitikk i den samanhengen. Det blir dokumentert at det er lokale saker, personar og arenaer som dominerer valkampdekninga. Inntrykket av at lite fokus er på lokale saker stemmer berre for riksdekkjande medier.

Jacobsen og Skomedal meiner, på bakgrunn av studien, at mindre valdeltaking i lokalval ikkje kan førast tilbake til manglande dekning i lokalpressa.

Studien særmerkjer seg gjennom å vere særs grundig i omtalen av data, skriv redaksjonen i NST. Analysen er godt gjennomført og klårt presentert.

Prisen inneber at artikkelen blir omsett til engelsk og blir publisert i World Political Science Review.

Artikkelen kan hentes ned fra Idunn.no .


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 30.03.2009
Sist oppdatert 02.04.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer

Helt topp!

Kjempe flott med slik annerkjennelse til dyktige folk på universitetet. Gratulerer til både Anne Siri og Dag Ingvar.