Nedgang i vitskapleg publisering
I 2007 fikk Universitetet i Agder ein nedgang i publiseringspoeng som blei registrert i Database for høgare utdanning, (DBH), etter ein markant oppgang i 2006. Fjorårsnivået er klart høgare enn 2005-poenga.
TRENDEN OVER TID ER POSITIV ved UiA, til tross for at den vitskapelege publiseringa gikk noko ned i fjor. - Vi må bli betre på vitskapeleg publisering, det er ingen tvil om det. Men det forutsett også ein meir rettferdig finansiering av universiteta, slik at forskarane ved dei nye universiteta får like forskingsvilkår som kollegane ved dei fire gamle, seier forskingsdirektør Alf Holmelid.
Nedgangen frå 2006 til 2007 er sterkast på nivå 2, som er dei 20 prosent høgast rangerte fagtidsskrifta. I nivå 1er nedgangen mindre. I begge kategoriane blir artiklane vitskapeleg vurdert av andre forskarar i fagområdet
Allmennorientert publisering som mediaoppslag, kronikkar og kommentarar er ikkje med i tala frå DBH – men det er lite som tyder på at lysten til å publisere allment endra seg ved UiA i fjor.
Tek tala på alvor
Totalt fekk UiA 235,9 publiseringspoeng for 2007. I 2006 scora HiA 277,2 publiseringspoeng, mens i 2005 tok HiA 211,7.
På nivå 2 scora UiA 36,8 publiseringspoeng i 2007, i 2006 var det 70,7 og i 2005 23,5 publiseringspoeng. På nivå 1 er tala 199,1 poeng i 2007, i 2006 var det 206,5 og i 2005 188,2.
Forskingsdirektør Alf Holmelid, som presenterer publiseringstala for Forskingsutvalet i neste møte 12. mars, likar ikkje utviklinga i publiseringspoenga. Samstundes vil han ikkje overdramatisere nedgangen.
- Vi må sjå resultata over to-tre år før vi ser eit fornuftig bilete. Forsking må vurderast i eit lengre perspektiv enn eit år, og sidan det er relativt små tal gir små endringar store utslag når publisering vert periodisert, seier Holmelid.
Resonnementet er spesielt viktig for nivå 2-publiseringar, der omfanget er lite.
- Kva gjer UiA no for å stimulere til meir vitskapeleg publisering?
- Samla sett er det grunn til å overvake situasjonen nøye og ha fokus på publisering i tida framover. Det er viktig med ein god dialog med den faglege leiinga på fakulteta og dei tilsette i faglege stillingar for å sjå kva vi kan gjere for å auke publiseringa, svarar forskingsdirektøren.
Finansieringsordninga eit problem
Ein klar årsak til at publiseringstala er lågare ved UiA enn ved dei ”gamle” universiteta er måten UiA og dei gamle er finansiert på. Her kjem UiA mykje dårlegare ut med omsyn til midlar som kan brukast til forsking.
Det er eit faktum at UiA-forskarane jamnt over berre har halvparten så mykje tid til forsking per tilsett som forskarane har ved dei fire gamle universiteta. I staden har UiA-forskarane langt meir undervisning.
- I tillegg til at våre forskarar har mindre forskingstid, betyr all undervisninga også at dei får mindre samanhang i forskinga, noko som også fører til at produksjon av vitskapelege artiklar går tyngre, seier forskingsdirektøren.
Hør og les sak i NRK-Sørlandssendinga 12. mars:
DBH-rangeringa av fagmiljø som produserte flest publikasjonspoeng i 2007:
Legg ned papirtidsskriftene!
- Vi er husmenn i eget hus, fagforlagene er de eneste som tjener på at vitenskapelig produksjon måles i antall publiserte artikler i fagtidsskrift, sier professor Reidar Conradi ved NTNU til Universitetsavisa. Conradi vil ha faglig publisering over på nett.
Les hele saken i Universitetsavisa:



