Likestillingspris frå Kunnskapsdepartementet til UiA

Under avslutningskonferansen for "Handlingsplan for likestilling i barnehagen 2004 - 2007" i Tromsø i dag, ga Kunnskapsdepartementet prisen til beste utdanningsinstitusjon til Universitetet i Agder. Prisen ble kunngjort av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, og innebærer at førskolelærarutdanninga ved UiA er best i klassen med å rekruttere menn til barnehagar.

Prisen ble mottatt av firkløveret Elin Wremer, Connie Goul og Anne Birte Brekke frå Lærerutdanningene og Ragnhild Valvik frå Fakultet for kunstfag, på vegne av Universitetet i Agder.

- Alle frå UiA som satt i salen var oppe på scenen og fikk prisen og det synlege beviset på tildelinga - eit bilde - av kunnskapsministeren. Vi visste at UiA var nominert, men ante ikkje at vi fikk prisen, forteller Ragnhild Valvik fornøyd.

bard_vegar_solhjell600_Bjorn Sigurdson, Scanpix3

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix)

– Fleire menn i barnehagen er viktig både for barna og for å klare å sikre nok kvalifisert personale i barnehagane, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Solhjell delte i dag ut prisar til Kråkeslottet barnehage i Tromsø, Bergen kommune og Universitetet i Agder.

Prisvinnarane har merkt seg ut i arbeidet med gjennomføring av handlingsplanen Den gode barnehagen er ein likestilt barnehage (2004 -2007) det siste året. Prisane vart delte ut i Tromsø på avslutningskonferansen for handlingsplanen.

- Arbeidet har vore med på å auke medvitet og gi meir kunnskap om likestilling i barnehagane. Men framleis er det langt att til at alle barnehagar følgjer opp ansvaret sitt etter rammeplanen. Kommunar og barnehagar må arbeide aktivt for å tilsetje fleire menn. Innsatsen for likestilling i barnehagen skal førast vidare i ny strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring frå 2008 til 2012, seier Solhjell.

Prisen for beste barnehage gjekk til Kråkeslottet barnehage i Tromsø. Barnehagen har over 40 prosent menn blant dei tilsette og har drive likestillingsarbeid i mange år. Barnehagen satsar spesielt på friluftsliv og kulturaktivitetar.

Prisen til beste kommune gjekk til Bergen kommune. Bergen har hatt den største prosentvise auken av menn i barnehagane i handlingsplanperioden. Bergen starta på 8 prosent menn i 2004 og har no godt over 15 prosent menn.

Prisen til beste utdanningsinstitusjon gjekk til Universitetet i Agder. Universitetet har tatt eit heilskapeleg grep om likestillingsarbeidet i dei utdanningane universitetet tilbyr. Universitetet har mellom anna oppretta eit eige Senter for likestilling.

 

Les pressemeldinga på Kunnskapsdepartementets nettsider:

Les om konferansen i Tromsø på nettsidene til Fylkesmannen i Troms:

Se også:

Likestillingskonferansen på UiA 2007

Likestillingsutvalget ved UiA

Likestillingsstudiet ved UiA

Senter for likestilling ved UiA - se også omtale i UiA nettavis:


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@hia.no> 14.11.2007
Sist oppdatert 16.11.2007
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer