Gud på Sørlandet, på TV2
Søndag 18. januar kl. 18 blir TV-programmet Sørlandet + Gud = sant? vist på TV2. Programmet er produsert av Universitetet i Agder, visstnok det fyrste eigenproduserte fjernsynsprogrammet som blir vist i landsdekkjande sending. Universitetslektor Siri Hempel Lindøe ved Institutt for nordisk og mediefag har vore ansvarleg for produksjonen.
Programmet er ein del av formidlinga frå forskingsprosjektet Gud på Sørlandet - meir venn og mindre allmektig?, leia av professor Pål Repstad ved Institutt for religion, filosofi og historie. Prosjektet har særleg sett på korleis gudsbiletet har forandra seg frå det strengje og straffande til ein vennlegare Gud. Over 20 forskarar har gjennom store og små prosjekt utforska forholdet mellom trusliv og idrett, utfolding på kristne sommarstemne, korsong, julekonsertar og kristeleg nestenbanning, blant mykje anna.
Gud på Sørlandet har vore finansiert gjennom Program for kulturforsking i Norges forskingsråd og Sørlandets kompetansefond, i tillegg til UiAs bidrag med midlar og forskingstid. Prosjektet kunne i desember presentere ei oppsummerande "praktbok" om den mangfaldige forskinga, med fotografi av Roald Hermansen.
Prosjektet hadde eigne prosjektsider på "dei gamle" HiA-sidene.



