Glimt frå framlegget til statsbudsjett
Under kjem nokre av utspela frå Kunnskapsdepartementet i samband med framlegget til ststsbudsjett for 2009.
Alle utdraga er henta frå "Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning" - som inneheld mykje det kan vere vel verdt å setje seg noko inn i:
Allmennretta formidling Regjeringa vil understreke at allmennretta formidling er ei viktig oppgåve for institusjonane i sektoren.
Formidlinga tener til å skape forståing for at forsking er viktig, gi grunnlag for ein kunnskapsbasert debatt i samfunnet, stimulere til kunnskapslyst, og vekkje interessa for forsking blant yngre med tanke på framtidig rekruttering.
Allmennretta formidling skjer gjennom ulike kanalar. Open tilgang til digitale versjonar av vitskaplege artiklar er ein formidlingskanal som i seinare tid har fått mykje merksemd. Dei fleste tidsskrift tillèt i dag slik arkivering. Kunnskapsdepartementet har bedt UHR og NFR om å fremje tilrådingar om korleis ein kan nytte Open Access i Noreg.
Dei fleste institusjonane har no eigne elektroniske arkiv, men arkiva er i mykje mindre grad enn mogleg nytta til å synleggjere dei vitskaplege artiklane frå institusjonane.
Kvalitet i utdanninga: Det er viktig at utdanningane som blir tilbode, er relevante for behova i arbeidslivet, og at ein tydeleg formidlar det læringsutbyttet ein kan vente etter avslutta studium. Statusrapport for Kvalitetsreforma konkluderer med at ein no må dreie innsatsen meir mot innhald, læringsutbytte og kvalifikasjonar i undervisning og forsking. Ein må leggje vekt på verdien av relevans og samarbeid med samfunns- og arbeidsliv for kvalitetsutvikling.
Ekstern sensor: Kunnskapsdepartementet vil sette i gang arbeidet med ei kartlegging av bruken og omfanget av ekstern sensor på lågare grad ved universitet og høgskolar, og vil vurdere ei lovendring som sikrar meir bruk av ekstern sensor på lågare grad. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med resultata frå kartlegginga.
Lærarutdanningane: Departementet legg ved årsskiftet 2008–09 fram ei stortingsmelding om lærarrolla og lærarutdanning. Forslaga i meldinga vil ha konsekvensar for det samla tilbodet om lærarutdanning ved den einskilde institusjonen. Dei einskilde institusjonane må starte arbeidet med ein intern gjennomgang av det samla tilbodet i lærarutdanning. Det blir i denne samanhengen òg viktig å vurdere regional arbeidsdeling og samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane for å bidra til god dekning av ulike typar lærarutdanningar og fag i alle regionane.
NOKUT fekk våren 2008 i oppdrag å evaluere førskolelærarutdanningane, mellom anna korleis ulik organisering institusjonane imellom påverkar kvaliteten på utdanninga. Evalueringa er planlagd sluttført hausten 2010.
Internasjonalt utdanningssamarbeid: Regjeringa vil hausten 2008 leggje fram ei stortingsmelding om internasjonalisering, med ei samla vurdering av internasjonaliseringsarbeidet i utdanningssektoren.
Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid: Norsk forsking hevdar seg i aukande grad internasjonalt gjennom vitskapleg produksjon og siteringar. Noregs del av artiklar på verdsbasis aukar, medan OECD-land, EU-land og Norden har nedgang. Den relative siteringsindeksen viser at Noreg ligg stabilt på 25 pst. over verdsgjennomsnittet, jf. tal frå NIFU STEP.
Kvalitet og samordning: Stjernø-utvalet peiker på at Noreg har ein fragmentert struktur med for mange små og svake fagmiljø og for lite arbeidsdeling. Nye doktorgradsprogram blir etablerte med veik og fagleg sårbar base. I ein slik struktur vil ikkje all forsking halde tilfredsstillande kvalitet.
Fagevalueringane frå Noregs forskingsråd (NFR) peiker på at for dårleg fagleg leiing på så å seie alle fagområde har gitt fragmenterte, små einingar med utydeleg fagleg profil og få felles forskingsinteresser. Evalueringskomiteane har peikt på at spesialisering av forskinga innanfor nokre få kjerneområde er nødvendig for å motverke tendensane til at små fagmiljø forsøkjer å etablere ein for brei forskingsagenda.
Ei utfordring for sektoren framover blir å finne former for samarbeid som sikrar kritisk masse for små forskingsmiljø, og samtidig tek vare på den ønskte nasjonale breidda i forskinga. Det er behov for at institusjonane utviklar strategiar for fagleg spissing og samarbeid og gjennomfører dei.
Rekruttering og forskarutdanning: Talet på avlagde doktorgradar har auka dei siste åra og vil fortsette å auke i åra framover som resultat av satsinga i perioden 2002–08. Tilstrekkeleg tilgang på personale med doktorgrad er ein føresetnad for å auke forskingsevna, og for å få til den nødvendige omstillinga for å utvikle meir kunnskapsbasert næringsliv og tenesteyting. Det gjeld særleg faga matematikk, naturvitskap, teknologi og medisin, samt profesjonsutdanningane.
Dei siste åra har institusjonane teke viktige grep for å auke delen som fullfører doktorgraden, men fråfallet er framleis for høgt.
Stjernø-utvalet peiker på at kravet om fire doktorgradar og fem mastergradar for å bli universitet har ført til mange smale og svake doktorgradsstudium. Tilknyting til eit solid fagmiljø med god kapasitet til rettleiing og tilgang til forskingsinfrastruktur er nødvendig for effektiv og god forskarutdanning. Nasjonale forskarskolar og samarbeid mellom institusjonane er viktige verkemiddel. Departementet vil vurdere kriteriene for stabil forskarutdanning, og vil mellom anna krevje eit minimumsomfang av utdanninga, gjennom endringar i forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universitet og høgskolar.



