Finansieringsreform i 2010-budsjettet

Departementet gjer no ein større gjennomgang av finansieringssystemet i universitets- og høgskolesektoren, heiter det i framlegget til statsbudsjett for 2009.

Dette er ei oppfølging av St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning og Stjernø-utvalet. Arbeidet vil bli presentert i samband med framlegging av forslag til statsbudsjett for 2010.

Departementet vil heller ikkje endre organiseringa av UH-sektoren med tvang:

Uthevingane er gjort av UiAktuelt:

Universitet- og høgskolar

Stjernø-utvalet leverte innstillinga si NOU 2008: 3 Sett under ett i februar 2008. Innstillinga har vore på brei høring, og har vore diskutert på mange arenaer i universitets- og høgskolesektoren. Innstillinga foreslår mellom anna strukturelle grep for å samle institusjonar under felles organisatoriske paraplyar. Vidare foreslår utvalet å endre kriteria for universitetsakkreditering. Desse forslaga ville medført større reorganisering av heile sektoren. Kunnskapsdepartementet vil ikkje foreslå å leggje ned eller reorganisere studiestader inn i nye samanslåtte organisasjonar. Departementet vil ikkje motsette seg arbeid med fusjonsplanar der dette blir drive fram av institusjonane sjølve. Dette gjeld mellom anna i Tromsø, der universitetet og høgskolen har vedteke å slå seg saman. Departementet gjer no ein større gjennomgang av finansieringssystemet i universitets- og høgskolesektoren. Dette er ei oppfølging av St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning og Stjernø-utvalet. Arbeidet vil bli presentert i samband med framlegging av forslag til statsbudsjett for 2010.

NOKUT reviderte alle sjukepleiarutdanningane i Noreg hausten 2005. Berre ei vart akkreditert, medan 30 bachelorutdanningar ikkje fekk akkreditering. NOKUT behandla dei siste akkrediteringssakane våren 2008. Alle bachelorutdanningar innanfor sjukepleie er no akkrediterte. Dette er eit gledeleg resultat. Samstundes viser dette at kvalitetsarbeidet i sektoren gir resultat, og at akkrediteringsfunksjonen til NOKUT verkar på ein tilfredsstillande måte.

Høgskolen i Agder vart akkreditert som universitet frå 1. september 2007, og endra då namn til Universitetet i Agder. Handelshøyskolen BI og Misjonshøgskolen fekk status som vitskapleg høgskole frå 1. juni 2008. Regjeringa har vedteke at Høgskolen i Tromsø og Universitet i Tromsø etter eige ønske skal slå seg saman frå 1. januar 2009."

Alt over er henta frå kapittel 8 Fornying og organisasjonsendringar i framlegget til statsbudsjett frå Kunnskapsdepartementet.

Alt under er henta frå Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning i framlegget til statsbudsjett frå Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa vil ikkje setje i verk ei stor strukturreform med tvangssamanslåingar eller leggje ned studiestader. Regjeringa vil halde oppe styringssystemet ved universitet og høgskolar. Regjeringa meiner likevel at det er behov for ei klarare arbeidsdeling og spesialisering i sektoren. Det er nødvendig og ønskeleg at institusjonane på frivillig basis utviklar eit forpliktande samarbeid. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan vidareutvikle meir langsiktig og strategisk styring og felles forståing mellom departementet og sektoren om kva oppgåver ein skal løyse innanfor dei rammene som gjeld.

Regjeringa held fast ved at institusjonane framleis må ha minst fire ulike doktorgradar for å bli universitet, og vil klargjere kriteria for å få akkreditert ein doktorgrad gjennom å innføre ei strengare tolking av kravet om stabil forskarutdanning. Det er behov for samarbeidsformer som sikrar kvalitet i forskarutdanninga og kritisk masse for små forskingsmiljø og samtidig tek vare på den nasjonale breidda i norsk forsking. Det er vidare behov for prioritering og god fagleg leiing på alle nivå for å utvikle og setje i verk strategiar for fagleg spissa samarbeid.

Det er faglege utfordringar i profesjonsutdanningane, slik Stjernø-utvalet påpeiker. Regjeringa meiner ein bør søkje å løyse dei gjennom vidare fokus på kvalitet i profesjonsutdanningane og institusjonssamarbeid om arbeidsdeling. Mellom anna vil evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) av ingeniørutdanningane bli vurdert og sett i samanheng med oppfølging av Stjernø-utvalet.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2009 leggje fram ei evaluering og vurdering av finansieringssystemet for universitet og høgskolar, slik det blei varsla i St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning (statusrapport for Kvalitetsreforma). Ein vil sjå evalueringa i samanhang med den overordna styringsmodellen for sektoren og med forslaga frå Stjernø-utvalet. Departementet har oppretta ei referansegruppe som vil samarbeide og ha brei dialog med dei ulike aktørane i sektoren. Departementet legg ikkje opp til endringar i finansieringssystemet før evalueringa er gjennomført.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 08.10.2008
Sist oppdatert 08.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer