Sosiale forhold set merke på språket

Professor Martin Skjekkeland ved Institutt for nordisk og mediefag ved UiA sitt Fakultet for humaniora og pedagogikk skreiv denne artikkelen på kronikkplass i Fædrelandsvennen onsdag 2. desember 2009. Diverre har artikkelen blitt utegløymt i oversikta på Aktuelt-sida - mer her kjem den endeleg:

Sosiale forhold set merke på språket

Talemålet til dei fleste av oss er i høg grad eit produkt av den sosiale gruppa me tilhøyrer, og det sosiale nettverket me er ein del av.

Professor Martin Skjekkeland, UiA

Les artikkelen på fvn.no:

Dagen etter stortingsvalet i september hadde ein på NRK-tv ein analyse av korleis folk i Oslo og Bærum hadde røysta ved valet. Ein starta på austkanten i Oslo, på Kampen og Vålerenga, og flytta seg vestover mot Majorstua, og vidare mot Bærum. Resultatet viste, ikkje uventa, at på austkanten hadde dei fleste røysta «raudt». Så blei det gradvis meir og meir «blått» dess lenger mot vest ein kom. Dette illustrerer veldig godt den sosiale strukturen i befolkninga innanfor eit avgrensa område i landet vårt.

Hadde ein gjort ei undersøking av talespråket til folk i dette området, ville ein også ha funne store skilnader. Ein ville på austkanten ha funne spor etter dei mange innvandrarspråka, og ein ville ha funne det typiske austkantmålet, eller «Vika-målet» som det ofte blir kalla, med a-former som døra, senga, jeg kasta, jeg streika osv., og trykk på første delen av mange ord, typen: bannan, gittar og stassjon. I vest ville ein høyra former som døren, sengen og jeg kastet, jeg streiket osv. Historisk er det slik at dei som høyrde til overklassa, stort sett slo seg ned i vestlege bydelar av hovudstaden, medan arbeidarklassa busette seg i aust. Dette kan i dag sjå ut som geografiske dialektforskjellar, men djupare sett er det eit skilje mellom ulike sosiale språkformer.

Studiet av korleis språk og sosiale forhold heng saman, blir kalla sosiolingvistikk. I sosiologien er det tradisjon for å dela samfunnet inn i grupper etter ytre «objektive» kjennemerke, som yrke og kjønn osv. Denne inndelinga i sosiale grupper blei tatt i bruk i sosiolingvistikken på 1970-talet. Ein ville visa korleis språket til menneska innafor same geografiske området kan variera avhengig av alder og kjønn, og sosioøkonomiske faktorar som yrke, inntekt, sosial status osb. Med andre ord: Sosiolingvistikken vil samanlikna språklege særtrekk med sosiale storleikar.

Me veit at menneske som har mykje kontakt med kvarandre, får eit nokså likt språk. Dialektane våre fortel om korleis geografisk og administrativ nærheit har skapt samhald mellom folk, og gjeve dei same dialektsærtrekka. Men kontakten mellom folk blir ikkje bestemt bare av eit geografisk eller administrativt fellesskap. Spørsmålet om kven enkeltpersonar har kontakt med i kvardagen, heng mykje saman med kva for ei sosial gruppe han eller ho høyrer til.

Metodane som blir bruka i sosiolingvistikken skil seg får dei ein fann i den tradisjonelle dialektforskinga. I dialektgranskinga hadde ein som oftast nok med éin eller to informantar når ein skulle beskriva dialekten i ei bygd eller ein småby. Ein fann gjerne fram til 2-3 informantar som hadde ein «stødig» dialekt med lite variasjon og få «inkonsekvensar». Sosiolingvistane vil som nemnt visa at det innanfor same «dialektområdet» kan finnast ulike sosiolektar avhengig av sosial tilhøyrigheit. Dei hevdar også at alt talemål vil innehalda variasjon, éin og same språkbrukar vil veksla mellom ulike talemålsformer etter den situasjonen han/ho er i. I sosiolingvistiske granskingar treng ein også mange informantar (som kan grupperast), og ofte er desse informantane tilfeldig utvalde. Dei skal representera heile det aktuelle språksamfunnet.

Forskjellar i talemålet som har opphav i sosiale forhold, er lettast å oppdaga i dei tilfella der ulike sosiale grupper har hatt lite sosial kontakt med kvarandre. Slike forhold finn ein først og fremst i byane, der det frå gammalt av var liten dagleg kontakt mellom til dømes storkjøpmenn og embetsfolk på eine sida og «vanlege arbeidsfolk» på den andre. Desse skilnadene, som i utgangspunktet hadde rot i ei sosial lagdeling, kunne bli forsterka ved at ulike sosiale grupper busette seg i ulike delar av byen, noko me alt har sett eksempel på i Oslo.

For dei språkfolka som er opptekne av språk og samfunn, har «språk og kjønn» vore eit sentralt tema. Ein har vore opptatt av å finna ut om det er ulikskapar i språket mellom kvinner og menn og mellom jenter og gutar. Forskaren har då sett på kjønn som ein sosial faktor. Bak dette ligg det ein tanke om at kvart kjønn har sterkare band og fleire felles normer seg imellom enn begge kjønn har samla. Med andre ord: Ein reknar med at kvinner kjenner seg som ei gruppe og mennene som ei gruppe.

I studiar frå 1970 og framover til midt på 1990-talet fann ein eit mønster som gjekk ut på at kvinnene brukte eit talemål som var ein god del prega av standardspråket, som regel bokmålet. Mennene hadde fleire tradisjonelle dialektformer i sitt språk, dei hadde ein «breiare» dialektbruk. Ein sa også at mennene/gutane hadde eit meir «uvørdent» språk enn kvinnene/jentene. I Oslo oppdaga ein t.d. at unge menn brukte meir tjukk l og fleire a-former (boka, døra, senga) enn dei unge jentene.

Ei mogeleg forklaring på at kvinnene generelt brukte fleire standardformer enn mennene, var (blei det hevda) at kvinnene hadde ein mindre trygg sosial posisjon i samfunnet. Dei fekk ikkje markert sin sosiale status gjennom eit yrke slik mennene gjorde. Dermed la dei meir vekt på språkleg markering av status.

I det eldre bondesamfunnet kunne mønsteret vera annleis. Menn og kvinner snakka stort sett likt, men i den grad ein kunne finna ein forskjell, brukte kvinnene dei mest arkaiske formene i dialekten. Ei forklaring på dette har vore at mennene var meir ute frå bygda på arbeid enn kvinnene, og at dei då blei påverka av andre dialektar.

Yrket til folk har også blitt trekt inn som ein sosial faktor som bestemmer språkbruken til den einskilde. Ein har då skilt mellom høgstatus- og lågstatusyrke. Også på dette området har ein studert forskjellar mellom kvinner og menn. Undersøkingar har vist at det er lettare for ein mann i eit høgstatusyrke å snakka dialekt enn det er for ei kvinne.

I dag har likestillinga mellom kjønna kome så langt at me meir eller mindre har lagt den sosiale skilnaden mellom kvinner og menn bak oss. Kvinnene jobbar utanfor heimen og tek seg utdanning på lik linje med menn, og såleis er kanskje grunnlaget for å oppnå sosial status ved å velja språklege prestisjeformer borte. I dag viser ei rekkje undersøkingar at det er lite samanheng mellom kjønn og val av dialektformer. Det har skjedd ei kjønnsmessig utjamning når det gjeld særdrag i talemålet.

Ein kunne ha nemnt mange andre døme på korleis språk og samfunn spelar saman. Talemålet til dei fleste av oss er i høg grad eit produkt av den sosiale gruppa me tilhøyrer, og det sosiale nettverket me er ein del av.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 08.02.2010
Sist oppdatert 08.02.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer