Når gutar og jenter les

Det er interessant å merke seg at skilnaden er så tydeleg mellom grupper som nivåmessig er om lag jamsterke, skriv førsteamanuensis Anne Løvland ved Institutt for nordisk og mediefag ved UiAs Fakultet for humaniora og pedagogikk på kronikkplass i Fædrelandsvennen 2. februar 2011.

Når gutar og jenter les

Det er interessant å merke seg at skilnaden er så tydeleg mellom grupper som nivåmessig er om lag jamsterke.

Les artikkelen på fvn.no:

Anne Løvland, førsteamanuensis, UiA

Politikarar, foreldre og skulefolk er opptekne av kor flinke norske 15-åringar er til å lese. Den siste rapporten frå PISA-undersøkjinga er oppløftande, men mange er framleis bekymra fordi gutane les dårlegare enn jentene. Som ei brikke i puslespelet for å forstå korleis dette kan henge saman, vil eg presentere ein studie som viser korleis lesesterke elevar framstiller seg sjølv som faglesarar.

Studien byggjer på gruppesamtalar med elevar på 4. og 5. trinn der eg har vore særleg interessert i å kartleggje kva haldningar elevane har til å lese sakprosatekstar og korleis dei framstiller seg sjølve som faglesarar. Gruppeinndelinga gjorde det mogeleg å sjå korleis eventuelle forskjellar mellom elevane er relaterte til kjønn og tidlegare resultat på dei nasjonale prøvene i lesing. Samtalane viser to typiske lesarar – svarjegeren og interessesøkjaren.

Svarjegeren grunngjev lesinga av fagbøker med eit ønske om å lære for å få ei god framtid på kort og lang sikt. To femteklassejenter uttrykkjer det slik: «Det er masse du må lære for å komme til ungdomsskolen, og viss du ikke klarer alt der, må du få hjelp. Men du burde ha lært det på barneskolen. Viss du leser om det, er det litt lettere på ungdomsskolen og når du skal studere og sånn …» «(Det er viktig å lese lærebøker) for når du skal videre og inn i jobb, er det viktig å kunne ting. For å få en god jobb.»

Svarjegeren er lojal mot arbeidsmåtane og læringsmåla i skulen. Det er særleg oppgåver der ein finn svaret i lærebokteksten som blir framheva som ein vanleg og nyttig arbeidsmåte. Spørsmåla i lærebøkene «er der for at vi skal lære det man trenger å lære». Men svarjegeren likar også at slike spørsmål har ein kontrollfunksjon fordi «da kan de se om vi har lært». Informantane fortel at dei les spørsmåla før dei går i gang med lesinga. Det er også vanleg å lese alle dei verbale tekstdelane like nøye. «Jeg leser alt, da er jeg forberedt», seier ein av informantane.

Svarjegerane er ikkje like sikre på om bileta er viktige. «Bilder er lærerikt viss en ikke er så god til å lese», hevdar ein av informantane. Når svarjegeren les tekstane eg har med, finn dei lett fram til hovudinnhaldet og supplerer også med mange detaljar. Svarjegeren er medviten om korleis han les, og viser lett til komposisjon og fargekodar i den samansette teksten som gjev informasjon om korleis teksten bør lesast. Lojalitet og entusiasme kjenneteiknar denne lesartypen. Elevane i denne kategorien viser interesse for tekstane eg ber dei om å lese, og svarar også positivt og engasjert på spørsmål om dette er noko dei kunne tenkje seg å lese meir om. Det er ingen tvil om at denne lesartypen klarer å tilpasse seg viktige normer i skulen.

Interessesøkjaren aksepterer også at fagtekstane i skulen er viktige i eit læringsperspektiv, men tek langt fleire atterhald enn svarjegeren. Elevane i denne kategorien hentar hovudsakleg lesemotivasjonen frå eigne interessefelt og kjem lett fram til påstanden om at faglesing kan vere gøy, men det kan også vere «gørr kjedeleg». Dei kan gjerne kan lese fag på fritida, men berre viss dei er interesserte i det faglege innhaldet. Gjennom samtalane blir eg fort klar over kva slags tekstar dei likar å lese. Det skal helst vere spennande emne, gjerne tekstar om gamle ting som mumiar, forliste skip og moderne teknologi. Dei vil gjerne ha tekstar med mange fargebilete fordi dei meiner tekstar utan bilete er kjedelege. Interessesøkjarane er skeptiske til mange læreboktekstar og er også kritiske til mange undervisningsmåtar. Dei blir fort lei av å arbeide med kontrollspørsmål og vil helst sjå lange filmar om ting som interesserer dei.

Men interessesøkjarane har få problem med å tileigne seg hovudinnhaldet i dei tekstane eg har med. Det er likevel tydeleg at blikket for detaljar og medvitet om læreboksjangeren er svakare enn hos svarjegerane. Motstanden mot alt som er kjedeleg, og den tydelege interessedrivkrafta gjer at desse lesarane truleg vil møte lesekulturen i skulen med meir friksjon enn svarjegerane.

Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking at eg fann svarjegerane i jentegruppene og interessesøkjarane i gutegruppene. Men det er likevel interessant å merke seg at skilnaden er så tydeleg mellom grupper som nivåmessig er om lag jamsterke. Det at gutane står fram som faglege lystlesarar, medan jentene har klare pragmatiske mål med faglesinga si, er truleg ikkje likegyldig i den vidare lesekarrièren. Samtidig bryt mønsteret litt med ei oppfatning om at jenter helst les fiksjonstekstar og gutar helst les sakprosatekstar. Kanskje er det rettare å hevde at lesesterke jenter kan motiverast til å lese alle slags tekstar, medan dei lesesterke gutane er meir avhengige av ei form for indre motivasjon.

Ein kan gje ulike grunnar for kvifor ein bør vere flink til å lese. Mange ser lesing hovudsakleg som ein veg til glede, oppleving og kreativitet, medan andre uttrykker eit meir kunnskapsorientert syn på lesing noko som vi også harmonerer med grunngjevinga for PISA-undersøkjinga. Det lett å tenke at svarjegerane har «kjøpt» Pisa-tanken, medan interessesøkjarane er prega av eit meir lystprega og motivasjonsavhengig syn på faglesing.

Det er grunn til å tru at svarjegerane vil leve lukkeleg i utdanningssamfunnet i åra dei har framom seg – men interessesøkjaren kan også vente nokre lukkelege stunder, sjølv om dei ikkje kjem fram i statistikken.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 10.02.2011
Sist oppdatert 10.02.2011
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer