Det sørpolitiske systemet

I Dagsavisen 16. oktober hadde Wenche Haugen, tidlegare student på master i offentleg politikk og leiing, ein artikkel om bistand. Artikkelen er bastert på masteroppgåva "Vår ære og vår makt. Ein analyse av Noreg som humanitær stormakt".

Kvifor fører aldri bistandsdebatten til reelle endringar? Årsaken er at politikararar, friviljuge organisasjonar, forskarar og journalistar alle er bunde saman i eit nettverk med ei vennleg innstilling til bistand.

Jagland klandrar sine gamle kollegaer for å vera utanrikspolitisk innadvendte, som kompenserar med høgstemt retorikk (Dagsavisen 1. oktober). Men Jagland nemner ikkje føresetnadane norske politikarar har for å endre utanrikspolitisk kurs. Dei er nemlig få.

Samarbeidet mellom politikarar, staten, forskinga og representantar frå friviljuge organisasjonar representerer det sørpolitiske systemet i norsk utanrikspolitikk, kalla Den norske modellen. Dei sistnemnde sivile aktørane er integrerte partar i prosessar som byggjer myter om Noreg som humanitær stormakt. Samarbeidet konstituerer eit avhengeforhold, kor alle partar vinn ved å oppretthalda det eksisterande. Det sørpolitiske systemet er bygd opp om ein ideologiske allianse som går på tvers av norsk politikk og samfunnsliv.

Når det egalitære Noreg byggjer utviklings- og utanrikspolitikken på prinsippa om moral, ideologi og religion, er regjeringa nærast garantert oppslutnad. Med jamne mellomrom kjem korte debattar om størrelsen på bistandsbudsjettet, eller om bistanden fungerar eller ei. Opponentane til utøvinga og utforminga av utanrikspolitikken er få, og vert heller ikkje gjeve nemneverdig spalteplass. Det er manglande interesse mellom politikarane og i media for å eksponera implikasjonar ved det ekstensive samarbeidet mellom sivile og offisielle aktørar. Terje Tvedt og Øyvind Østerud, to av få anerkjente opponentar mot utviklingspolicyen, får kritikken dementert og vert stempla som talerøyr for gjerrig Frp-propaganda. Dette trass i at UD sitt Refleksprosjekt oppfordrar til innspel og debatt om norsk utanrikspolitikk.

Opponentane framhevar den påfallande elitesirkulasjonen i og mellom partane i Den norske modellen. Eigen karriereklatring skapar systemintern lojalitet og avhengeforhold mellom aktørane. Ein stadig reproduksjon av eige regime opprettheld legitimiteten frå regjeringa, og denne legitimiteten vert distribuert til folket. I motsetnad til vanleg praksis ved outsourcing av politiske mandat, vert evalueringar av effektivitet, framgangsmåte og resultat av bistanden i større grad gjort av konsulentar internt i systemet.

Nasjonal identitet knytt til samaritanske handlingar har vore ein vellukka PR-strategi frå staten si side. Ei ikkjeartikulert maktutøving gjennom retoriske bilete om miskunnsame handlingar vert oppretthaldne av media, mata med prov frå norske forskingsrapportar og gode resultat frå dei humanitære organisasjonane staten i størst grad samhandlar med. Brorparten av norsk akademia verkar redde for å trø posisjonerte grupperingar på tærne. At ein akta akademikar, Asle Toje, i sommar stod fram som utanrikspolitisk rådgjevar til Frp, sjokkerte medie-Noreg. Det norske sørpolitiske systemet står fram som vellukka og opposisjonen mot det eksisterande er lite synleg.

Negative demokratiske implikasjonar ved Den norske modellen bør vera i fokus i media, framfor kokette oppslag om den humanitære innsatsen som gjer Noreg, og ikkje minst nordmenn, heilt unike i internasjonal samanheng. Eit lite norsk diplomatisk apparat når om meir ved å nytta kompetansen og kontaktane til dei sivile aktørane. Men det legitimerer ikkje outsourcinga av politisk makt. Problemet er at symbiosen mellom det offentlege apparatet og det sivile samfunnet flyttar den folkevalde makta over til eit intrikat nettverk av aktørar som byter posisjonar, informasjon og tenester på ein vilkårleg måte, utanfor parlamentarisk kontroll.

Handlingane til dei sivile aktørane i Den norske modellen er neppe i overvegande grad motiverte for å tilfresstilla oppdragsgjevaren (staten). Men dei sivile aktørane kan heller ikkje vera nøytrale partar når dei er internaliserte deltakarar i norske delegasjonar. Fyrst når utøvd politikk kjem i konflikt med internalisert policy vil dette verta eit problem. Dette kan i prinsippet skje ved innføringa av eit alternativt utanrikspolitisk regime frå Stortinget. Men ei slik regimeendring vil setje både internasjonal truverd og nasjonal identitet på spel, ein situasjon Noreg ikkje kan risikera.

Nytta av bistand, allokeringa av kroner og implementeringsmetodar er naudsynte debattar for å gjera bistandssystemet betre. Jagland skyt eit skot mot Bob Geldof sin «pøs-på»-tankegong som har vore i regjeringskontora dei siste 30 åra. Det er likevel vanskeleg å kome med grunnleggjande kritikk mot det systemet som er i dag. Noreg har ikkje eit alternativt system parat.


Publisert av Tone Øverland <tone.overlandSPAMFILTER@uia.no> 20.10.2008
Sist oppdatert 20.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer