Spesialisering i mekatronikk, doktorgradsprogram i teknologi

Fakultet for teknologi og realfag tilbyr eit doktorgradsprogram i teknologi med spesialiseringane IKT, mekatronikk, fornybar energi og anvend matematikk. Studieplan og regelverk for spesialiseringen i mekatronikk er det same som for det tidlegare ph.d-programmet i mekatronikk.

This page in English
Doktorgradsprogram - 180 studiepoeng - 3 år - Grimstad

Studiet krev oppnådd mastergrad innanfor eit relevant fagområde eller anna utdanning godkjent som tilsvarande.

Studieplan for spesialiseringen/doktorgradsprogrammet i mekatronikk

Studieplan

Emnebeskrivingar

Litteratur

Undervisninga føregår vanlegvis på engelsk.

Forskrifter og reglar

Reglar for undervisning og eksamen i ph.d.-emne

Medforfattarskap

For interesserte

For å ta ein ph.d. i mekatronikk må du søke på ein stilling som stipendiat (ev. at bedrifta du er tilsett i søker om ein nærings-ph.d., sjå meir på Internett-sidene til Forskingsrådet http://forskningsradet.no/no/Doktorgrad_i_bedriften/1249538426832). Frå tid til annan har universitetet relevante stillingar. For ledige stillingar, sjå http://www.uia.no/no/stillinger og når det passar, følg instruksjonane som blir gitt der. Vi bruker Easycruit-systemet og tek ikkje mot søknad, CV og andre vedlegg som e-post.

For å bli tatt opp til ph.d.-programmet gjeld følgjande:

  • Gjennomsnittskarakteren for emne som inngår i ein bachelorgrad (eller tilsvarande) skal være C eller betre.
  • Gjennomsnittskarakteren for emne som inngår i en mastergrad (eller tilsvarande) skal være B eller betre.
  • Masteroppgåva (eller tilsvarande) skal ha karakteren B eller betre.

Gode ferdigheiter i engelsk er påkravd for alle som skal delta på ph.d.-programmet. Utanlandske søkjarar som ikkje er fritatt for engelskkrav i tråd med NOKUT sine retningslinjer, må dokumentere dette ved å ta ein av følgjande testar med gitte resultat eller betre:

  • TOEFL – Test of English as a Foreign Language med minimumsresultat 550 på Paper-based Test (PBT), eller 80 på Internet-based Test
  • IELTS – International English Language Testing System med resultat 6.0

Meir om doktorgradsprogram ved Universitetet i Agder

Publisert av ph.d.-koordinator <phd-mechatronicsSPAMFILTER@uia.no> 30.03.2012
Del/Tips: Printfriendly version