Utgivinga av forskingsmagasinet TEFT er ein del av Universitetet i Agder si satsing på forskingsformidling. TEFT skal gi lesaren innblikk i den faglege aktiviteten ved universitetet. UiA håper TEFT kan bli eit utgangspunkt for ei god utvikling av kontakten mellom universitetet og samfunnet elles.
TEFT vil førebels kome ut med to nummer kvart år. Viserektor for forsking og formidling er ansvarleg redaktør for forskingsmagasinet. Formidlingsdirektør Kjell Tybring Andresen er leiar av redaksjonsrådet. Frå nr. 1/2009 blir TEFT produsert av Agendum kommunikasjon, grafisk utforming av Agendum See Design.
Abonnement på TEFT kostar ikkje noko, og kan bestillast frå formidlingsavdelinga ved UiA.