Ressursen er utvikla med tanke på faglærarar og studentar i lærarutdanningane, men inneheld materiale som kan vere nyttig for lærarar og studentar også i andre utdanningar ved universitetet. Her finn du rettleiingar om bruk av ulike program, lenkjer til stoff om kjeldekritikk og personvern gratis musikk og bilete til bruk i undervisninga, samt ei rekkje eksempel på elev- og studentarbeid, for å nemne noko. Til sida er det også knytt ein blogg kor faglærarar på ulike utdanningar bidreg med innlegg om bruk av IKT i dei ulike faga. Ressursen finn du her.