Forny låna

Slik fornyar du låna dine
Unable to display content. Adobe Flash is required.

  1. Logg på Bibsys Ask
  2. Studentar loggar seg på via FEIDE. Brukarnamnet og passordet er det same som når du skal inn i Fronter og nettverket til UiA. (Sjå rettleiinga).
  3. Andre: Gi opp brukarnamnet ditt. Det er det same som låntakar-IDen. Viss du ikkje har passord frå før, tingar du det slik.
  4. Vel tenesta "Min side".
  5. Vel "Låneoversikt/forny"
  6. Klikk på "Forny".

Merk følgjande

  • Viss dokumentet er lånt inn frå eit anna bibliotek, må du vende deg til skranken eller kontakte UBA.
  • Forfallsdatoen varierer mellom ei og fire veker, avhengig av om dokumentet er reservert av andre. Det er ikkje mogeleg å fornye eit reservert dokument.
  • I enkelte tilfelle er lånetida berre ei veke, såkalla korttidslån. Det gjeld mellom anna dvdar og tidsskrifthefte. Korttidslån kan ikkje fornyast.
  • Viss du har ei tredje gangs purring, kan du ikkje fornye noko dokument. Du får heller ikkje låne meir før du har levert.
  • Studentar kan fornye eit boklån tre gongar viss det ikkje er venteliste. Viss du treng boka lenger, må du ta ho med til biblioteket.
Publisert av Reidar Bjorvatn <reidar.bjorvatnSPAMFILTER@uia.no> 19.01.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Logg på Bibsys Ask

UiA-studentar via FEIDE

Andre som allereie har passord.

Viss du ikkje har passord, sjå her.