Lånekort

  • Studentar og tilsette ved Universitetet i Agder bruker student- eller tilsettkort som lånekort.
  • Er du tilsett, og har eit gamalt lånekort, kan du framleis bruke det. Viss du ynskjer å bruke tilsettkortet som lånekort, kan du vende deg til avdelingsbiblioteket ditt.
  • Låntakar-ID (lånekortnummeret ditt) består av hiab, hia, eller uba etterfølgt av student-/tilsettnummer ditt. Les meir.
  • Andre kan få lånekort ved å vise legitimasjon. Dei må møte personleg fram i skranken i biblioteket.
  • Universitetsbiblioteket i Agder (UBA) lagar også nasjonalt lånekort. Det kan du bruke på dei fleste biblioteka i Noreg. Har du eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruke det på UBA, men det må då aktiverast av personalet.

Meld adresseendringar

Som låntakar plikter du å setje deg inn i dei gjeldande lånevilkåra. Brot på regelverket kan føre til tap av låneretten.

Publisert av Reidar Bjorvatn <reidar.bjorvatnSPAMFILTER@uia.no> 27.05.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Studentkort

Alle studentar skal ha studentkort. Før du kan få studentkort, må du ha betalt semesteravgifta og registrert deg for semesteret. Kortet fungerer også som nøkkelkort og lånekort.