Lån og bestillingar
Tilsette, studentar og eksterne lånarar har tilgang til biblioteket sine samlinger. Ein mindre del av samlinga er berre meint til bruk i biblioteket.
- Søk i bibliotekkatalogen vår, Bibsys Ask, for å finne fram i biblioteket.
- Viss dokumentet er på den bibliotekavdelinga du er knytta til (studentar/tilsette), må du sjølv finne det på hylla. Spør eventuelt om hjelp i skranken.
- Viss dokumentet er på ei anna bibliotekavdeling, gjer du som når du skal reservere eller bestille frå andre bibliotek. Sjå bestillingsrettleiinga.
- Utlånstida er normalt fire veker. Viss andre ynskjer å låne, sender vi ei innkalling til UiA-eposten din. Leveringsfrista er då ei veke. Sjå lånevilkåra.
- Viss eit dokument ikkje har venteliste, kan det fornyast. Som student kan du fornye ei bok tre gongar.
Viss du ikkje finn dokumentet i Bibsys Ask, kan du fylle ut eit tomt bestillingsskjema.
Lånekort /låntakar-ID
Låntakar-ID finn du på lånekortet.
Tilbakemeldingar
- Du vil få melding via epost eller sms når du kan hente dokumentet i biblioteket.
- Vi sender deg eventuelle tilbakemeldingar til student-eposten (student.uia.no). Du pliktar difor å lese den regelmessig. Du kan lese student-eposten via webmail eller Fronter. Du kan aktivere vidaresending her.
Fjernlån
Se òg bestillingsrettleiing på denne sida.
Særskilte reglar gjeld for dokumenter som må tingast frå andre bibliotek:
- Studentar og tilsette ved UiA slepp å betale for dokumentar eller kopiar som vi får frå andre bibliotek eller databasar.
- Er du registrert som student ved UiA, men studerer til dømes heime, skal du bestille lån og kopiar via Bibsys Ask. Vi sender det tinga materialet til det lokale folkebiblioteket ditt.
- Vi viser som regel eksterne lånarar til sitt næraste folkebibliotek for lån/kopiar av dokumenter som universitetsbiblioteket (UBA) ikkje har.
- Studentar ved andre universitet og høgskular kan vanlegvis få tilbod om fjernlån via UBA, men merk at biblioteka som regel har tenester for fjernstudentane sine. På studiestaden der du er registrert, vil du få meir informasjon.
Lån og kopiar til andre bibliotek
UBA yter fjernlån til bibliotek i og utanfor Noreg.
Lånetida er normalt fire veker. Pris per artikkel er kr 60, Gjer vel å tinge via Bibsys Ask. Sjå meir informasjon frå Bibsys.
Publisert av
Reidar Bjorvatn <reidar.bjorvatnSPAMFILTER@uia.no> 15.02.2012
Fornye dine lån
Logg på BIBSYS Ask og velg tjenesten "Min side"
Fornye lån