Kunnskapsdepartementet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskulerådet har gått saman om tiltak for vidareutdanning av lærarar, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Partane har blitt samde om eit system for finansiering der staten dekkjer alle kostnader til studieplassar. Staten dekkjer 40 prosent av kostnadene til vikar, det same gjer kommunane. Dei siste 20 prosentane blir dekte av lærarane sjølve. Dei ordinære arbeidsoppgåvene som lærarane har, skal bli reduserte i studietida. Vidareutdanninga blir først og fremst retta mot fagområde og emne som det på landsbasis er behov for å styrkje. Frå 2009 til 2012 vil mellom anna vidareutdanning i matematikk, norsk, samisk og engelsk bli prioritert.