Høgskolen i Telemark (HiT) vil byggje opp eit fond på 220 millionar kroner for å sikre grunnlaget for utviklinga av høgskulen til universitet. Kommunane i Telemark, Telemark fylkeskommune og næringslivet i fylket blir bedt om å gi 90 mill. kr. til fondet.
Avisa Varden omtaler saka i papirutgåva si 10. august. Fondet skal styrkje HiT fagleg, blant anna med satsing på forsking og fleire forskarutdanningar og mastergradsstudiar, skriv avisa.
Tanken om at HiT skal bli universitet aleine er forlate. UiA er ein aktuell samarbeidspartnar, som saman med HiT kan bli heitande Universitetet Sør, Skagerrak Universitet eller liknande, seier rektor Dag Bjerketvedt ved HiT til Varden. Også høgskulane i Buskerud, Vestfold og Østfold er aktuelle samarbeidspartnarar.
Fondet skal vere HiTs "medgift" inn i eit samarbeid. Det er viktig for HiT å kunne delta i samarbeidet som ein sterk partner, seier Bjerketvedt.
Skien kommune er bedd om det største bidraget til fondet, 18,4 mill. kr. Ordføraren i Skien, Rolf Erling Andersen, seier til NRK Telemark (framleis i følgje avisa Varden) at Skien blir bedd om for mykje, sidan kommunen ikkje er vertskap for HiT.
Varden omtaler utspelet frå HiT på leiarplass 11. august, og gir ikkje høgskulen store sjansar for å få midlar frå kommunane.