Rekordmange studentar

Det har aldri vore fleire studentar ved UiA (eller ved HiA) enn det som blei talt opp 1. oktober. 8.760 var registrert ved universitetet den dagen.

Foto: Øyvind A. Strømme

Det har aldri vore fleire studentar ved UiA. Foto: Øyvind A. Strømme

Då har ein rekna med dei nesten 400 eksternt finansierte studentane og dei nesten 200 som strengt teke ikkje er studentar, men som følgjer kurs på den vidaregåande skulen sitt nivå (forkurs for ingeniørar o.l.). 8.760 er meir enn 600 fleire enn i 2008, og 270 meir enn det høgaste registrerte studenttalet UiA/HiA nokon gong har hatt. I 2004 blei det registrert 8.490 studentar ved Høgskolen i Agder.

Databasen for høgare utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitskapleg datateneste i Bergen registrerer studenttala 1. mars og 1. oktober kvart år, i kategoriane

  • studentar med studie- og eksamensrett (som betyr at gruppa har fått opptak på eit studieprogram),
  • studentar med eksamensrett, men ikkje studierett (det som tidlegare blei kalla privatistar), og
  • andre, som er studentar som korkje har studierett eller eksamensrett, det vil seie at gruppa ikkje oppfyller krava til studiekompetanse, og følgjer undervisning på den vidaregåande skulen sitt nivå, f.eks. forkurs til ingeniørutdanningane eller norsk for utlendingar.

Dessutan blir studentgruppene skilde etter finansiering: studentar som følgjer program som blir finansierte på institusjonen sitt budsjett ("eigenfinansierte") og eksternfinansierte. Med studenttalet meinar ein talet på personar.

DBH registrerar også dei same kategoriane i "heiltidsekvivalentar", slik at deltidsstudentar blir rekna om til einingar på 60 studiepoeng. Spesielt interesserte kan lese dokumentasjonen omkring dei ulike studentkategoriane på nettsidene til DBH.

Forskjellen i tal kan bli stor, avhengig av kva studentgrupper ein tel. UiA hadde altså 8.760 studentar om ein reknar gruppa som omfattar alle, men nesten 1.000 færre, 7.784, om ein reknar eigenfinansierte heiltidsekvivalentar som er opptekne på eitt av studieprogramma. Det er varierande forskjellar ved andre universitet og høgskular. Universitetet i Stavanger er registrert med nesten 200 fleire studentar enn UiA (8.942 studentar) om ein tel med alle, men har nesten likt studenttal om ein berre reknar eigenfinansierte heiltidsekvivalente med full studie- og eksamensrett (7.812 heiltidsekvivalente).

Når det er registrert 8.760 studentar ved UiA 1. oktober inneber det truleg at det er 9.000 studentar ved universitetet i haustsemesteret. Mange av EVU-studentane blir ikkje registrerte før dei melder seg opp til eksamen seinare i semesteret. Heller ikkje sommarsemeisterstudentane, som tok eksamen før 1. oktober, kjem med i denne registreringa.

Økonomi og samfunnsvitskap har flest studentar

2.685 av studentane ved UiA er registrerte ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Størst auke i studenttal har likevel Fakultet for teknologi og realfag, som aukar frå 1.468 studentar i 2008 til 1.667 studentar i 2009, ein auke på heile 13,6 %. Institutt for helsefag er registrert som det største instituttet ved universitetet, med 1.153 studentar. Det er ikkje heilt rett etter universitetsstyret sitt vedtak i mai, då instituttorganiseringa ved Fakultet for helse- og idrettsfag blei endra. Etter omorganiseringa har det nye Institutt for helse- og sjukepleievitskap 870 studentar. Institutt for ingeniørvitskap har 1.031 registrerte studentar, Institutt for økonomi 921.

UiS og UiA aukar mest

Av dei sju universiteteta i Noreg er det "dei nye" universiteta i Stavanger og Agder som har størst auke i studenttalet. Det vart 2.878 fleire universitetsstudentar i Noreg fra oktober 2008 til oktober 2009, 3,2 % fleire studentar på eit år. 1.284 av desse var studentar i Stavanger og Agder. Her var auken på 8,2 % i Stavanger og 7,4 % i Agder.

Universitetet i Bergen er det einaste av universiteta som ikkje har auke i studenttalet fra 2008 til 2009. UiB har tilbakegång i talet på studentar for sjette året på rad. Sidan 2003 har UiB hatt ein nedgang i studenttal på nærare 20 %, frå 17.844 studentar i 2003 til 14.418 i 2009.

uia.no har samla noko statistikk frå DBH på eigne sider.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 20.10.2009
Sist oppdatert 12.11.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer