Betre på tilgjengelegheit

Nettsidene til universitetet er blitt betre på tilgjengelegheit i 2009, men elles blir uia.no vurdert omtrent som året før i den årlege kvalitetsvurderinga av norske offentlege nettstader som Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) står bak.

Websidene får 73 av 98 mogelege poeng (74,5 %). I 2008 fekk sidene 71 av 99 mogelege poeng (71,7 %). Sjå omtalen av vurderinga i fjor.

Difi er særleg misfornøgd med at websida ikkje legg til rette for nettprat, automatiske SMS-tenester og nyhendestraumar som RSS eller brev med nyhende. Difi meiner også at postjournalen bør gjerast lettare tilgjengeleg, og at dokument frå postjournalen bør kunne bestillast elektronisk.

Det er framleis Høgskolen i Bergen som etter Difis kriterium har dei beste nettsidene blant universitet og høgskular. Sidene til HiB oppnår heile 90 % aksept i 2009, opp frå 85 % i 2008. UiA blir rangert som i fjor som nummer 5 blant UH-institusjonane.

Sjå rapporten på Difis nettsider.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 04.12.2009
Sist oppdatert 04.12.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer