SONE/UPUS-konferansen 2010

Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder arrangerer
SONE/UPUS-konferansen 2010

Tema: FLEIRSPRÅKLIGHEIT

Hotel Norge, Kristiansand, 18.–19. mars 2010

Nettverket SONE har bl.a. som målsetting å arrangere ein årlig konferanse om talespråkligeforhold, og i 2010 er temaet
FLEIRSPRÅKLIGHEIT.

Nettverket SONE (Sosiolingvistisk nettverk) blei etablert av dei nordiske institutta på universiteta i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen og daverande Høgskolen i Agder etter at prosjektperioden med TEIN (Talemålsendring i Norge) var avslutta. Seinare slutta også Høgskolen i Oslo og Universitetet i Stavanger seg til nettverket.

SONE planla eit større prosjekt kalt UPUS (Utviklingsprosesser i urbane språkmiljø), og prosjektet fikk i 2005 støtte frå Forskingsrådet. Frå 2006 var i alt to ph.d.-stipendiatar, to postdoktorstipendiatar og fire etablerte forskarar med frikjøpsstipend i gang med forsking på UPUS-prosjektet. UPUS-prosjektet blir avslutta i februar 2010.

I SONE-nettverket har Universitetet i Agder fått ansvar for å arrangere den årlige konferansen. Professor Helge Omdal har i heile perioden representert Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder, og har hatt ansvaret for konferansearrangementa (sjå nettsida).

Vitskaplig tilsette, stipendiatar og mastergradsstudentar er oppfordra til å presentere prosjekta sine og aktuelle problemstillingar som dei arbeider med.

Jamvel om temaet for konferansen i 2010 er UPUS-relatert, er konferansen også i år – som i andre år – eit SONE-arrangement, der alle bidrag innanfor sosiolingvistikk og talespråksforsking er velkomne.

Konferansen startar med lunsj torsdag 18. mars og blir avslutta med felles middag fredag kveld 19. mars. Konferansen blir halden på Hotel Norge, Kristiansand.

Kort om programmet: Det blir tre hovudforedrag om fleirspråkligheit på konferansen ved dei inviterte forskarane

  • Inge Lise Pedersen, Københavns Universitet («Fleirspråkligheit i Danmark i eldre og nyare tid»),
  • Åse Mette Johansen, Universitetet i Tromsø («Fleirspråkligheit i Norge i eldre tid») og
  • Bente Ailin Svendsen, Universitetet i Oslo («Fleirspråkligheit i Norge i nyare tid»).

Programmet kan lastes ned som pdf-dokument her:

Del/Tips: Printfriendly version