Lånevilkår

UTLÅNSREGLEMENT for Universitetsbiblioteket i Agder (UBA)

Generelt
Universitetsbiblioteket er eit bibliotek for forsking og studium i landsdelen. Universitetsbiblioteket skal primært dekkje behova for bibliotektenester til studentar og tillsette ved Universitetet i Agder. Biblioteket er også ope for eksterne brukarar som har behov for tenester frå eit fagbibliotek.

Lånekort
Ein må ha studentkort/lånekort for å låne. Eksterne brukarar kan få lånekort viss dei kan vise legitimasjon. Lånarar er pliktige å melde ny adresse.

Utlånstid/purringar
Vanleg utlånstid er fire veker. Nokre dokumenttypar, til dømes filmar og tidsskrifthefte, har berre sju dagars lånetid. Viss mange ynskjer å låne, kan vi kalle litteraturen attende. Du må då levere innan sju dagar. Ein kan fornye vanlege lån inntil tre gongar når det ikkje er venteliste.
Biblioteket kan fastsetje annan utlånstid for delar av samlingane eller unndra materiale frå utlån.
Tilsette kan i spesielle tilfelle avtale lengre lånetid. For litteratur som er lånt inn frå eit anna bibliotek, gjeld eigarbiblioteket sine reglar for utlån og erstatning.

Erstatning
Ein lånar er personleg ansvarleg for lånt materiale og at det vert levert attende innan utlånstida går ut. Vi sender tre purringar. Viss du ikkje har levert då, sender vi eit varsel. Det vil seie at du etter nokre dagar vil motta eit krav om erstatning.
Lånarar må erstatte bøker og anna utlånsmateriale som er tapt eller øydelagt.
Tapt litteratur må erstattast med eit identisk nytt eksemplar (merk deg ISBN) eller betale kr 600 for kvar tekst. Universitetsbiblioteket kan setje høgare satser for meir verdifulle verk. Universitetsbiblioteket forutset at utlånsreglementet er kjent av lånaren. Brot på regelverket kan føre til tap av låneretten.

Publisert av  <reidar.bjorvatnSPAMFILTER@uia.no> 09.02.2012
Del/Tips: Printfriendly version