Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song i Sumar so vent millom Greino?
Sidan eg høyrde deim ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar var det taa alle dei Blomar,
som stod og nikkad i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen, men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
Han visnar, Blomen, mot Hausten.
til Haust er her