ENT3R søker mentorar for 2012/13

Er du student og har sans for matematikk?

Jobbe med skuleelevar og realfag til hausten?

ENT3R er eit studentdrive motivasjonsprogram der studentar frå realfaglige studie er mentorar som gir matematikktrening og fungerer som rollemodellar for elevar frå 10. klasse på ungdomstrinnet og 1. klasse på vidaregåande nivå. Hovudmålsettinga for ENT3R er at ungdom skal få eit meir positivt forhold til realfaga, og bli motiverte til vidare studie i realfag. ENT3R er eit rekrutteringstiltak for å få fleire elevar til å velje realfag. Intensjonen er at studentar frå universitet og høgskule skal møte elevar i ungdomsskular og vidaregåande skular kvar veke for å løyse realfaglige problem.

Er du glad i matematikk? Er du student ved fakultet for teknologi og realfag, og har lyst til å engasjere deg i realfaga si framtid? ENT3R søker etter studentar som vil vere mentorar - dvs. møte vidaregåande elevar etter skuletid for å motivere til å velje realfaglege utdanningar.

Som mentor får du:

  • Delta i eit nasjonalt prosjekt for realfagsrekruttering
  • Møte elevar og vere eit førebilete for dei
  • Bli ein del av eit studentteam på tvers av campusane
  • Knytte nettverk med teknologiske bedrifter
  • Relevant erfaring som vert etterspurt av arbeidsgjevarar
  • Fast timelønn, arbeidstid 2-3 timar pr. veke.

Du treng ikkje nokon formell pedagogisk kompetanse, det viktigaste er ein entusiasme for realfag og eit ønskje om å bringe denne entusiasmen vidare! Vi vil også gjerne vite om du kan tenke deg spesielle rollar innan bedriftskontakt, elevrekruttering/PR eller "kreative realfag" - å skape spennande realfagsrelaterte opplegg for elevane.

Ein må pårekne noko tid til (lærerike) kurs, utan lønn. Vi har til skuleåret 2012-13 ledig 3-4 stillingar ved Grimstad og 1 stilling i Kristiansand, med høve til utviding av prosjektet avhengig av elevtal.

Spørsmål eller ein kortfatta søknad sendast til leiar Åsmund Gjære på aasmug10@student.uia.no. Tlf. 975 40 189. Les meir om prosjektet på http://www.renatesenteret.no.

Publisert av Åsmund Gjære <aasmug10SPAMFILTER@student.uia.no> 27.04.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Kva er ein mentor?

Mentor eldre venn og rådgjevar, vegleiar. (Store Norske Leksikon)

Ordet mentor kjem frå Homers Odysseen. Det var namnet på Odyssevs sin trufaste venn, som han overlot omsorgen for hus og heim til medan han sjølv drog mot Troja. Då Athene følgde Odyssevs sin son Telemakhos på leiting etter far hans, tok ho Mentor sin utsjånad.

Ein mentor i ENT3R er ikkje ein mattelærar, men ein eldre, meir erfaren venn som elevane kan sjå opp til. Ein mentor skal vere ein rollemodell som gir realisten eit ansikt, og som kan setje seg i eleven sin ståstad. Ein mentor har eit engasjement for matematikk, og lyst og evne til å bringe dette engasjementet vidare. Og viktigast av alt; ein mentor har tid til og bryr seg om elevane sine.