– Aldri vore i så god form
Trine hadde høyrt mykje positivt frå tidlegare studentar om idrettsstudia ved UiA før ho starta hausten 2009. Etter halvanna år på bachelorstudiet vil ho framheve flinke lærarar, eit godt miljø, turar og kombinasjonen av teori og praksis som det beste ved studiet.
– Samansveisa gruppe
– Lærarane er flinke og har tydeleg lang erfaring. Studiet har ein god kombinasjon av mange aktivitetar det første året og meir teori andre året. Studentane er ei samansveisa gruppe som er mykje saman. Første året reiste vi mellom anna til Hovden og Hemsedal. Det var eit bra opplegg, vi lærte mykje og hadde det kjempeartig, fortel ho.
Trine har alltid vore interessert i sport, og brukar mykje tid på trening.
– Heilt sidan eg var seks år har eg spelt for handballklubben AK–28. Målet vårt no er å rykkje opp i første divisjon. Eg er også interessert i andre sportsgreiner, så du kan trygt seie at idrett utgjer ein stor del av livet mitt. Takka vere idrettsstudia har eg aldri vore i så god form som no, meiner ho.
Vurderer læreryrket
Tredjeåret av bachelorgraden er valfag, og ho vurderer å velje eit skulefag, slik at ho held moglegheitene opne for å bli lærar.
– Det som er sikkert, er at det må mykje trening til framover om forma skal haldast ved like, slår ho fast.
Les meir:
> Idrett, årsstudium
> Idrett, årsstudium Hovden/Sirdal
> Idrett, bachelor
> Idrettsvitskap, master
Trine Hammerstrøm Mjåland:
> 20 år
> Frå Kristiansand
> Tek bachelorstudiet i idrett ved Universitetet i Agder
Trine om studiet:
"Studiet har en god kombinasjon av mange aktivitetar det første året og meir teori andre året."



