Om www.uia.no

Høgskolen i Agder offentleggjorde sine første nettsider tidleg på hausten 1994. IT-avdelingane ved tidlegare Agder ingeniør- og distriktshøgskole og Agder distriktshøgskole sto bak dei første nettadressene www.aid.no og www.adh.no.

Det noverande webdesignet er utvikla for Universitetet i Agder.

Informasjonen på uia.no blir produsert og vedlikehalden av dei einskilde einingane ved universitetet. Ein lokal web-ansvarleg koordinerer normalt arbeidet. På kvar side vil den ansvarlege informasjonsleverandøren vere nemnd.

Redaktør

Formidlingsdirektør Kjell Tybring Andresen er ansvarleg redaktør for universitetet sine nettsider.

Copyright

Opphavsrettar gjeld også på internett. Materiale frå universitet sine nettsider kan kopierast og gjenbrukast etter avtale med den ansvarlege for den einskilde sida.

Det er i utgangspunktet lovleg å sitere frå nettsidene. Det blir kravt at det er tydeleg meldt kor sitata er henta frå. Fotografi og illustrasjonar er det alltid knytte opphavsrett til. Fotografia på nettstaden si framside og portalframsidene er tekne av fotografen Bård Ek. Det er nødvendig å innhente spesifikk løyve for gjenbruk av fotografi og illustrasjonar, frå fotografen/illustratøren, og eventuelt frå dei avbilda person eller rettshavar til avbilda kunstverk el.l.

Dersom det ikkje går fram av nettsida kven som har rettar, bør den sideansvarlege kontaktast før gjenbruk av materialet.

Dersom ein ønskjer å bruke universitetet sin logo og designelement skal webredaktøren kontaktast.

Lenking til universitetet sine nettsider er lovleg, forutsett at lenkinga ikkje medfører medverknad til lovbrot. Alle nettsider på uia.no har unike adresser.

Språket på nettsidene

Relevante delar av nettinformasjonen til Universitetet i Agder skal vere på både norsk og engelsk. Dei engelske sidene er ingen "skugge" av dei norske, det er gjort vurderingar av kva informasjon som det har noko føremål å ha på begge språk. Noko informasjon blir berre presentert på engelsk, fordi det i fyrste rekkje har interesse for utanlandske brukarar.

Universitetet i Agder er offentleg ått, og skal i verksemda si følgje det lovverket og dei reglane som er for offentlege institusjonar. Det inneber bl.a. at språklova gjeld for universitetet. Minst 25 % av dei norske nettsidene til universitetet skal vere skrivne på nynorsk.

Oppdatering

Universitetet i Agder legg vekt på at all informasjon på nettsidene skal vere gyldig og oppdatert. All sider har innleggingsdato og ansvarleg for sida.

Design

Det grafiske designet av websidene er utvikla av designbyrået Agendum See Design.

Teknikk

UiA driv nettsidene ved hjelp av eit norsk content management system, EzPublish. Systemet er eit open source system.

Nettlesarstandard

Alle nettlesare som følger The World Wide Web Consortium's (W3C) standardar kan hente informasjon frå UiAs nettsider. Bruker du MS Internet Explorer blir minst versjon 7 tilrått.

Skjermstorleik

Vi tilrår oppløysinga 1024 x 768. Minste akseptable skjermstorleik er 800 x 600.

Fargar

Pc'en må ha eit grafikkort som kan vise ekte fargar (16 bit).

Utskrift / print

Alle sidene på UiAs nettstad er printervennlege. Bruk den vanlege printfunksjonen i nettlesaren eller print-ikonet nede til høgre i botnen av midtfeltet. Print-ikonet skriv ut den aktuelle midtsida (altså utan venstre og høgre margkolonnar), print-ikonet til nettlesaren skriv ut heile websida.

Navigasjon på nettsidene

Den grunnleggjande navigasjonen skjer ved hjelp av toppmenyen ("den globale menyen"), som følgjer med på alle sidene. Til punkta i toppmenyen er det knytt "regionale menyar", som blir støtta av lokale venstremenyar.

Bruk søkjefunksjonen eller nettstadskartet (sitemap'en), dersom du ikkje finn det du leiter etter.

Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 30.11.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Open dokumentstandard

Regjeringa har vedteke at all informasjon på statlege nettsider skal vere tilgjengeleg i dei opne dokumentformata HTML, PDF eller ODF. Seinast frå 2009 må derfor alle dokument som skal vere offentleg tilgjengeleg kunne lesast i minst eitt av desse formata. Meir om vedtaket på Fornyings- og adm.departementets nettsider.

NETTSTADEN

Sidan 2004 har nettstaden Norge.no gjennomført årlege kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader i Norge. Frå 2008 er Norge.no, saman med Statskonsult og E-handelssekretariatet, ein del av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Vurderinga for 2009 blei offentleggjort desember 2009. Les om vurderinga av uia.no i 2009, 2008, og 2007.

DRIFTSMELDINGER

Dersom du oppdager lenkefeil, vennligst ta kontakt med webredaksjon@uia.no.