Institutt for nordisk og mediefag
NORDLIKS-kontakt:Gudlaug Nedrelid
Telefon: +47 38 14 20 79
E-post: gudlaug.nedrelid@uia.no
Instituttleiar: Rune Røsstad Telefon: +47 38 14 20 60
Institutt / universitet som er med i Nordliks, finn du her.
UiAs informasjon for utanlandske studentar finn du her.
Studiestruktur, studietilbod og eksamen
Institutt for nordisk og mediefag ønskjer nye NORDLIKS-stipendiatar velkomne til å studere nordisk, særleg norsk språk og litteratur, på Sørlandet.
På norske universitet er det studiestart to gonger for året. Studiestrukturen er tredelt: Bachelornivå (100- og 200-nivå) og mastergradsnivå (400-nivå), og undervisningstilbodet på desse tre nivåa er samansett av ulike litterære og språklege disiplinar. På 200- og 400-nivå vil det kvart semester bli undervist i skiftande valemne.
For NORDLIKS-studentar vil særleg kurs på 200- og 400-nivå vere av interesse. Info om kursa våre ligg her.
Mange av dei same kursa kan òg takast av ERASMUS-studentar.
Normalt vil NORDLIKS-studentar ta same eksamenar som ordinære studentar. Om ein student har bruk for det, kan han eller ho få attest for å ha delteke i ei bestemt undervisning og/eller ha skrive oppgåver i løpet av stipendtida.
Sjå opplysningar om undervisningstilbod og eksamensordning i Studentportalen, Opplysningar om instituttet og dei tilsette .
Nordliks hovudside:http://www.nordliks.net/



