Doktorgradsutdanning

Fakultet for humaniora og pedagogikk

Fakultetet tilbyr forskarutdanning i tre doktorgradsprogram.

Doktorgradsprogrammet består av eit sjølvstendig forskingsarbeid (avhandling) og ein opplæringsdel. Arbeidet med avhandlinga skal gjennomførast under rettleiing for å sikre krava til kvalitet og aktualitet. Programmet er normert til tre årsverk.

Normalt blir dette studieprogrammet tatt av studentar som har søkt og fått doktorgradsstipend over tre år (stipendiatstilling), men søkarar med ekstern finansiering er også velkomne. Sjå meir her.

NB: (Det vert ikkje lenger tatt opp studentar på doktorgrad i Nordisk språkvitskap og nordisk litteraturvitskap (phd-grad). Denne doktorgradsutdanninga er frå hausten 2008 avløyst av Doktorgrad i språkvitskap og Doktorgrad i litteraturvitskap).

Doktorgrad i religion, etikk og samfunn

180 studiepoeng (3 år) - undervisast i Kristiansand. Løpande opptak til programma.

Opptakskrav: Opptak kan skje med grunnlag i masternivå i religionsfaglige eller samfunnsfaglige utdanninger, etter nærmere retningslinjer.

Utfyllende regler

Kurs:

"Themes in Religious Change in Late Modern Societies" (November 2011 Uppsala, Sverige)

REL601 Kontekstuell etikk og REL602 Kontekstuell teologi - Avholdes mai 2012 på Lesbos:

"PhD-Course in Scientific Theory and Method REL600" (NB: Kurset er avholdt, men beskrivelse finnes i dokumentet under)

Doktorgrad i språkvitskap

180 studiepoeng (3 år) - undervisast i Kristiansand. Løpande opptak til programma.

Opptakskrav: Eksamen av høgare grad innan språkvitskap eller anna utdanning som fakultetet vurderer som jamgod.

Utfyllende regler.

Doktorgrad i litteraturvitskap

180 studiepoeng (3 år) - undervisast i Kristiansand. Løpande opptak til programma.

Opptakskrav: Eksamen av høgare grad innan litteraturvitskap eller anna utdanning som fakultetet vurderer som jamgod.

Utfyllende regler.

Kurs:

(Psycho)linguistic approaches to language contact, bilingualism and code switching
5 ECTS, University of Agder, August 24–26, 2011

Publisert av Thor Inge Vollan <thor.i.vollanSPAMFILTER@uia.no>,Siren Vegusdal <siren.vegusdalSPAMFILTER@uia.no> 22.09.2011
Del/Tips: Printfriendly version