Språknormering - i tide og utide?
Helge Omdal og Rune Røsstad ved Institutt for nordisk og mediefag er redaktørar for artikkelsamlinga Språknormering - i tide og utide?, som nett er komen ut på Novus forlag.
I tillegg til redaktørane har også Magnhild Vollan frå same instituttet skrive ein artikkel. Boka har artiklar av språkforskarar frå fleire land, knytt til språknormering i ulike europeiske språksamfunn. Dei fleste artiklane i boka er relaterte til norske forhold, men i tillegg blir det gitt presentasjonar av forhold i Danmark og Sverige, og det blir gitt ei oversikt over arbeidet med den tyske rettskrivingsreforma i 1998. Islandsk og finlandssvensk er representert, og ei framstilling av språkkampen i det flamske området av Belgia.
Mange språknormeringstema og problemstillingar er diskuterte i artikkelsamlinga, blant anna tradisjonelle spørsmål som gjeld ortografi, morfologi og teiknsetjing, og spørsmål om valfridom i rettskrivinga. Men også meir teoretiske spørsmål blir drøfta, som det ideologiske grunnlaget for framtidig språkleg normering. Andre tema som blir tekne opp er omgrepet standardspråk, haldningar til språkbruk og nynorsknorm, normering av person- og stadnamn, og synspunkt på 'godt' språk.
Fleire opplysningar om boka på forlaget sine nettsider.



