Dialektlandet

For andre gong i år gir professor Martin Skjekkeland ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ut ei bok om norsk talemål. Medan han i februar i år fokuserte på Språk og samfunn i endring, gir han i Dialektlandet ei populærvitskapleg innføring i norske dialektar og særtrekk ved det norske språksamfunnet.

Dialektlandet

Skjekkeland understrekar i boka at det her i landet er stor interesse for dialektar og dialektbruk. Når me møter ein person me ikkje kjenner frå før, er det naturleg for oss å høyra etter korleis han eller ho snakkar. Tidt blir det til at me for eksempel seier: ”Eg høyrer at du er vestlending”, eller me kjem med spørsmålet: ”Er du frå Hallingdal? – det høyrest slik ut for meg.”

I Dialektlandet prøver Martin Skjekkeland å kasta lys over norsk talemål før og nå. Det gjeld framveksten av dialektane våre, opphavet til dialektgrensene, endringane i dagens dialektar osb. Her i landet har me eit ”språkleg klima” der dialektbruk er godtatt på dei fleste samfunnsområda – og me er kjende for stor toleranse for språkleg variasjon både i tale og skrift. Forfattaren prøver å svara på kvifor det er slik. I tillegg drøftar han tilhøvet mellom språk og samfunn. Dialekten som del av identiteten vår har ein sentral plass i dette bildet.

DSC_9304

Men ikkje nok med det: Med aukande innvandring til Noreg har landet vårt gradvis blitt eit meir fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn enn det var før. Mange nye språk har kome til som eit markant innslag i det norske språksamfunnet. Dette er ein ny situasjon som og blir drøfta i boka.

Også særtrekk ved ungdomsspråket, nettspråket og språket på mobiltelefonen høyrer med i skildringa av norsk språk i dag. Kva er ”slang” og kva er ”kebabnorsk”? Forfattaren prøver å gje svar på dette, før han heilt på tampen av boka gir eit oversyn over samisk og kvensk språk og kultur.

Boka er interessant for folk flest, og ho er rikt illustrert med fargebilde og fargekart. Dialektlandet blir gitt ut på Portal forlag i Kristiansand.


Publisert av Jan Arve Olsen <jan.a.olsenSPAMFILTER@uia.no> 23.11.2010
Sist oppdatert 03.12.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer