Jenny Holzer

Jenny Holzer (fødd 1950) er ein framståande amerikansk konseptkunstnar som gjennom heile det kunstnarlege virket sitt har arbeidt med tekst som utgangspunkt.

Ho er fyrst og fremst kjend for dei stadsspesifikke installasjonane sine og tekstarbeidar i offentlege rom.

Ho nyttar seg av ei rekkje ulike medium, frå T-skjorter og plakatar til elektroniske lystavler med rørleg tekst og projeksjonar på husvegger. Teksten ho nyttar seg av er blant anna såkalla "truismar", sjølvsaga og udiskutable sanningar og klisjear, som ved å bli teke ut av samanhengen sin blir tvitydige og usikre.

Les her om Jenny Holzer i Wikipedia.


Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 23.06.2010
Sist oppdatert 23.06.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer