Kunsten ved universitetet

Universitetet i Agder eig ei stor kunstsamling. Den består av offentleg innkjøpt kunst, gåver frå andre institusjonar og næringsliv, og private gåver.
Utsnitt av Jenny Holzers Installasjon 2002. Foto: Bård Ek

21. mars 2002 overrekte Utsmykkingsfondet for offentlege bygg den nyinnkjøpte kunsten i nybygget til dåverande Høgskolen i Agder på Gimlemoen. Hovudverket blant den innkjøpte kunsten er Installasjon for Agder av den amerikanske konseptkunstnaren Jenny Holzer. Hovuddelen av arbeidet består av benker og bord i finsk granitt, der tekstane til kunstnaren er graverte inn. Installasjonen omfattar dessutan tekstar som det er meininga skal leggjast ut på universitetet sitt nett, men som enda ikkje er presentert på denne måten.

Eit annan hovudverk er skulpturen Skal/Kranium av Per Inge Bjørlo. Denne skulpturen er plassert ved hovudinngangen på campus.

I tillegg til hovudverkane av Holzer og Bjørlo inviterte utsmykkingsutvalet Mette Stausland og Kristine Hjertholm til å delta i utsmykkinga av Gimlemoen. Mette Stausland, opphavleg frå Kristiansand, har laga eit stort veggmåleri i to delar i Kafé Kampus. Tittelen er Uten tittel. Kristine Hjertholm har laga skulpturen Seg selv, plassert i atriet på baksida av kaffebaren i studentkantina. Diverre blei Seg selv skadd av fukt, og er fjerna av kunstnaren.

I tillegg til verka frå dei fire inviterte kunstnarane har utsmykkingsutvalet kjøpt inn ei rekkje fotografiske arbeid av norske samtidskunstnarar, og eit utvalt måleri av Astrid Nondal. Desse arbeida er hengde opp i møterom og pauseareal på campus.

Wennesland-samlinga er den største delen av kunstsamlinga ved UiA. Kunsthistorikaren Frida Forsgren har presentert vel 30 enkeltverk frå samlinga, under overskrifta Frå Wenneslandsamlinga.

Frå august 2011 skriv Frida Forsgren om andre delar av UiAs kunstsamling.

Kunstverket i mai er Gustav Vigelands Egget, utlånt til UiA frå ein privat eigar, og plassert i atriet på Campus Grimstad.

Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 21.05.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Cultiva

Kristiansand kommunes energiverkstiftelse (Cultiva) har gitt betydelig støtte til arbeidet med Wenneslandsamlingen.

Kunstbok om Wenneslandsamlingen

Dagbladets lørdagsmagasin Magasinet hadde 31. mai 2008 en artikkel om Wenneslandsamlingen ved Universitetet i Agder og Kristiansand katedralskole Gimle.

Forsvunnet Beatkunst

Vi har tidligere etterlyst to bilder som forsvant i forkant av innflyttingen på campus Gimlemoen i 2001. Politiet var koblet inn, men nå spør vi om noen gjenkjenner disse bildene her.

I tilfelle ta kontakt med Ellen.Frivold@uia.no

Litteratur:

Thor Myhre: Kunst og kolera. Dr. Reidar Wennesland og kunstsamlingen i Kristiansand. Kristiansand: Høgskoleforlaget 1996.

Gerd Hennum: På sporet av beat-bohemene. Oslo: Aschehoug, 1998.

Frida Forsgren: Beatkunst i Norge. Oslo: Forlaget Press, 2008.