Agderstipendiatar
Fakulteta ved UiA har fremma forslag til tema for stipendiatstillingane. Eit utval samansett av representantar frå fylkeskommunane og universitetet vurderte den regionale relevansen før forslaga gjekk vidare til det sentrale forskingsutvalet og universitetsstyret som vedtok følgjande:
Universitetsstyret takkar Aust-Agder fylkeskommune og Vest-Agder fylkeskommune for vedtaket om å løyve midlar til seks stipendiatstillingar ved UiA.
Styret vedtar at fire Agderstipend slik dei er spesifisert i avtale med Aust-Agder fylkeskommune og Vest-Agder fylkeskommune, blir fordelt slik med verknad frå budsjettåret 2008:
· Fakultet for humaniora og pedagogikk, ein stipendiat til prosjektet Multimodalitet i klasserom og på nett
· Fakultet for helse- og idrett, ein stipendiat til prosjektet Aldring og helse
· Fakultet for teknologi og realfag, ein stipendiat til arbeid med polyaromatiske hydrokarbon i vatn og luft
· Fakultet for økonomi- og samfunnsfag, ein stipendiat til arbeid med eigedomsøkonomi



