Disputasar
Dei fyrste doktorandane frå UiAs eigne doktorgradsprogram blei uteksaminerte våren 2006. Fram til oktober 2010 har 25 kandidatar forsvart doktorgradane på doktorgradsprogramma i språkvitskap, litteraturvitskap, matematikk-didaktikk og internasjonal organisasjon og leiing ( International Management). Her er ei oversikt.
Men langt fleire av universitetet sine tilsette har i denne perioden avlagt doktorgrad på program ved andre universitet og høgskular. Frå 2007 har meir enn 50 tilsette frå UiA avlagt doktorgrad på forskarutdanningsprogram ved andre universitet og høgskular i Noreg eller i utlandet. Ei oversikt over desse er sett opp her.



