Låntakar-ID
Studentar med studentkort
Låntakar-IDen din består av hiab eller uba etterfølgt av studentnummeret ditt. Sjå baksida av studentkortet. Studentkortet fungerer også som lånekort.
Låntakarar med lånekort frå Høgskolen i Agder, altså før 2008, har ein låntakar-ID som byrjer med hiab etterfølgt av seks siffer. (Eks. hiab123456).
Tilsette som bruker tilsettkort som lånekort
Dei fleste låntakar-IDane byrjar med hia eller uba etterfølgt av tilsettnummeret ditt. Sjå baksida av tilsettkortet. Er du usikker på låntakar-IDen, kan du vende deg til skranken eller sende ein epost til bibkris@uia.no.
Eksterne lånarar
UBA lagar nasjonalt lånekort. Dette kan du bruke på dei fleste biblioteka i Noreg. Har du eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruke dette på UBA, men det må då aktiverast av personalet.
For bibliotek
Finn lib-nummeret i adressekatalogen til Nasjonalbiblioteket.



